Hopp til innhold

Eldreomsorga under press

Samhandlingsreforma gjer at sjukeheimar over heile fylket strevar med å få plass til dei eldre og sjuke.

Oline Sørland og Sølvi Nesbakk Ryland

IKKJE BRA: Oline Sørland, her i samtale med avdelingsleiar Sølvi Nesbakk Ryland, flytta til Eid sjukeheim nyleg, og bur seg på ein ny kvardag. – Ikkje bra at folk må vente på plass, seier Sørland.

Foto: Asgeir Reksnes / NRK

– Dette er ikkje nokon ny sjukeheim, så vi går nesten rett oppi det daglege stellet, seier avdelingsleiar Sølvi Nesbakk Ryland på Eid sjukeheim.

Den fyrste store undersøkinga utført av Helse Førde og KS, viser at mange av kommunane i fylket strevar med å skaffe plass til eldre som treng langtidsplass. Ventelistene veks, og fleire på kortidsopphald må bu på rom med fleire senger.

– Pasientane kjem fort frå sjukehuset. Dei tilsette har stått på heilt utruleg, men mange seier også det er kjekt å jobbe på nye måtar, seier avdelingsleiaren.

Auka press og fleirsengsrom

24 av 27 kommunar fortel at samhandlingsreforma til ein viss eller stor grad har ført til auka press på eldreomsorga. Over halvparten strevar med overbelegg på sjukeheimane, og 21 av dei må legge eldre på fleirsengsrom.

Kommuneoverlege i Flora, Jan Helge Dale, er i ei arbeidsgruppe som analyserer reforma.

– Eg trur kommunane har vorte flinkare til å ta seg av dei sjuke og gamle med kvalitet i bemanning og system. Vi tek i mot pasientar som tidlegare låg på sjukehus. Alt dette set tenestene på strekk, og det er ein evig debatt om det er løyd nok pengar, seier Dale.

Inghild Mowatt og Jan Helge Dale

NY RAPPORT: Inghild Mowatt og Jan Helge Dale studerer rapporten som fortel at nesten alle kommunane meiner samhandlingsreforma har auka presset på eldreomsorga.

Foto: Elias Engevik / NRK

Betre samarbeid, men ...

Samarbeidet mellom kommunane og Helse Førde er blitt langt betre etter reformen. Men enkelte kommunar meiner Helse Førde skriv ut pasientar som burde vore lenger på sjukehus.

– Mange pasientar er elendige. Vi forventar av og til kanskje meir av kommunane enn vi bør gjere, seier Inghild Hestenes Mowatt, seksjonsleiar ved medisinsk sengepost ved Førde sentralsjukehus.

– Burde fått ekstra midlar

I Eid må ein bruke fleirsengsrom på korttidsplassar, og ventetida for langtidsplass er blitt lenger. Om eit par år skal Eid kommune ha klar ny sjukeheim men det blir likevel ikkje fleire plassar.

– Dei pårørande er dei som merkar ventetidene mest og har ikkje blitt spurte i undersøkinga. Vi har ikkje fått tilført ekstra midlar for å greie desse endringane og utfordringane, seier Nesbakk Ryland.

– Kva synest du om det?

– Bakteppet for reformen er at det blir stadig fleire eldre, og færre til å jobbe. Det er ikkje uventa at det er blitt slik, vi må rett og slett jobbe på ein annan måte, seier ho.