Hopp til innhold

Sjekk denne bunken! Her ligg jobbsøkjarane i kø - utan at stillingane har vorte utlyste

Butikken tek imot jobbsøknadar kvar einaste dag, utan å ha lyst ut nokon stilling.

SØKNADSPERMEN

MANGE SØKJARAR: Jobbsøknadane på Intersport Sogndal ender opp i denne permen.

Foto: Reidar Dvergedal

– Vi brukar normalt ikkje å lyse ut stillingar. Vi har eit så stort innrykk av søkarar her uansett, at vi heller bruker søknadspermen vår som ein katalog når vi leitar etter ekstrahjelper, seier Reidar Dvergedal, butikksjef hjå Intersport Sogndal.

I Dvergedal sin søknadsperm er det fleire hundre jobbsøknadar frå folk som er interessert i ein jobb i sportsbutikken.

INTERSPORT SOGNDAL

INTERSPORT: Svært mange ynskjer å jobbe her.

Foto: Intersport Sogndal

Ein ringerunde til fleire butikkar i Sogndal viser at søknadspermen ikkje er eit ukjent fenomen. Mange butikkar får så mange søknadar at det ikkje lenger er naudsynt å lyse ut ledige stillingar.

Arbeidskrevjande søknadsberg

Dei siste dagane har det vorte kjent at butikkar på Austlandet har fått fleire hundre jobbsøknadar. Etter det NRK kjenner til er søkjartala høge også i butikkane her i fylket.

Pressekontakt hjå NAV Sogn og Fjordane Frode Henden, seier at han forstår kvifor butikkane vel å ikkje lyse ut jobbar offentleg. '

Frode Henden

– Dei som sitt i kassa blir erstatta av sjølvhjelpsløysningar. Det ser vi allereie i Førde, seier han.

– Når ein får veldig, veldig mange søknadar vert det ganske arbeidskrevjande for ein butikksjef som vil tilsetje ei ekstrahjelp. Men situasjonen fortel også noko om ein arbeidsmarknad som er vanskeleg for dei utan utdanning, seier han.

Få jobbar utan utdanningskrav

– Dette er ei samfunnsutvikling som gjer det vanskelegare å få jobb for dei som ikkje gjer ferdig vidaregåande skule, seier Henden.

Han meiner at arbeidsmarknaden er i endring, og at det blir færre jobbar som ikkje krev utdanning. Butikkane vert modernisert, treng færre tilsette, og nokre har alt sjølvbetente kasser.

Henden tykkjer også at arbeidsgjevarane i fylket bør bli flinkare til å lyse ut ledige stillingar.

– Det er berre 40 prosent av alle ledige stillingar i Sogn og Fjordane som vert lyste ut. Det trur vi i NAV at korkje arbeidsgjevarane eller andre er tent med, seier Henden.