Hopp til innhold

Han set sin lit til at sjarme og flaks gir han EM-billett

Sindre Rørstadbotten fekk ikkje full klaff under NM. Dermed heng EM på heimebane i ein tynn tråd.

Sindre Rørstadbotten

NESTEN: Sindre Rørstadbotten vart andre bestemann i konkurransen, men berre flaks kan sikre han EM-billett no.

Foto: Ola Bergheim/Sogn og Fjordane Vektløftarkrins

– Eg er fire poeng bak kravet, men eg trur eg vil bli tatt ut med litt flaks. Det får eg svar på i løpet av veka. Så det blir spennande, seier vektløftaren i bilen på veg heim etter NM i vektløfting i Trondheim.

Rørstadbotten hadde ambisjonar om å ta heim Kongepokalen, og sikre seg ein EM-billett til meisterskapen på heimebane i april. Men med 137 kg i rykk og 176 kg i støt heldt det ikkje. Han enda med 346 poeng, medan målet var 350 poeng.

Fornøgd, men skuffa

– Eg er eigentleg ganske godt fornøgd med å ha fått gullmedalje det må eg innrømme. Så vart eg andremann totalt og det er eg også godt fornøgd med tanke på at det ikkje vart full utteljing på vektene.

– Men du er litt skuffa likevel?

– Det er klart eg hadde ønskt at eg fekk 350 poeng for det er eigentleg ikkje noko stress. Hadde eg berre fått til andreløftet mitt i støt som eigentleg er på plass så hadde eg hatt kravet i dag. Så det er eigentleg litt bittert. Men eg fekk innfridd to av tre mål. Em-billetten vart ikkje med.

Rørstadbotten satsar alt på at han har flaks og vert teken ut til EM.

– Eg kjem til å trene som om eg skal til EM. Så får vi sjå om eg har hell med meg. Nivået mitt er på topp og forma er fin.

Fornøgd med innsatsen til klubben

For Tambarskjelvar IL har NM vore ein opptur med totalt 5 gull og 4 sølv under meisterskapen.

– Vi har hatt ei kjempeutteljing på resultat og plasseringar, seier Ola Bergheim frå Sogn og Fjordane Vektløftarkrins.

Han understrekar at ingen formelt er uttekne til EM enno, men at fleire har klart kravet, eller er har kravet inne.

– Vi får uttaket i løpet av denne veka, så det blir spennande å sjå. Vi satsar på at vi får mange løftarar som kan vere med på heimebane og skape god stemning.

Satsar på å ha flaks

Han har tru på at Rørstadbotten skal sikre seg ein EM-billett.

– Han har nivået inne og har prestert fleire gongar tidlegare i haust, så eg er optimistisk.

Det er opp til sportsutvalet i forbundet å avgjere om Rørstadbotten får stille under EM på heimebane.

– Viss dei ser på resultata mine frå tidlegare så bør eg no få reise. Og så er jo ein likandes kar, humrar Rørstadbotten lattermildt.