Hopp til innhold

Lyfta det dobbelte av eiga kroppsvekt over hovudet

Det vart sølvmedalje då Lone Kalland deltok på vektlyftarstemne i Ålborg i helga. Ho lyfta til saman 203 kilo over hovudet.

Lone Kalland får sølv i Aalborg Cup

FÅR SØLV: Lone Kalland kjempar seg til sølv i Aalborg Cup

– Det er veldig kjekt å sjå framgang heile tida, seier Kalland.

Deltakinga på det internasjonale stemnet Aalborg Cup i Danmark gav ein solid andreplass til 27-åringen frå Naustdal. Ho deltok i vektklassa 87 pluss.

Lone Kalland

SØLVMEDALJE: Lone Kalland har trena i to og eit halvt år, men har allereie to sølvmedaljar.

Foto: Linn Cecilie Ullaland Ekreskar

Kalland starta å trene i Tambarskjelvet idrettslag, og har drive med idretten i to og eit halvt år. No trenar ho med klubben i Naustdal.

Olympisk idrett

Det er olympiske løft med rykk og støt Kalland viser i slike konkurransar.

– Rykk er den fyrste øvinga der bevegelsen går i eitt, men støt er ei todelt bevegelse, seier ho.

Kalland lyfta heile 91 kilo i rykk og 112 kilo i støt. Dermed var det totalt heile 203 kilo ho hadde over hovudet, 17 kilo mindre enn den danske vinnaren med 220 kilo.

Også i fjor vann ho sølv i same klasse. Men treninga skjer etter arbeidstida. Til vanleg jobbar ho som ingeniør i VVS i Florø.

– Eg har trent på kveldane fram mot konkurransen. Dette var meir eit teststemne. Det viktigaste blir nordisk meisterskap i oktober, fortel Kalland.

Rekrutterer unge

– Vi har noregsmeistrar og europameistrar så det held, fortel leiar i vektløftargruppa i Tambarskjelvar idrettslag i Naustdal, Jørn Helgheim.

Jørn Helgheim

SET NAUSTDAL PÅ KARTET: Leiar for vektløftargruppa i Naustdal, Jørn Helgheim meiner dei set Naustdal på kartet med imponerande resultat.

Foto: Oddmund Reisæter Haugen / NRK

Dei siste åra har dei rekruttert mange unge, og no har dei ungar heilt ned i 12 år med i gruppa. No treng dei fleire trenarar. Nokre av dei beste frå klubben er damer, og no har dei to som skal konkurrere i Thailand.

Også mange av dei yngste er jenter, noko Kalland synst er viktig.

– Det er viktig at også jentene får vere med. For meg er det eit motiverande miljø å vere i, seier Kalland.

Får betre sjølvkjensle

Helgheim fortel at dei kan sjå korleis ungane veks på å drive med idretten. Han meiner dei blir sikrare på seg sjølve.

– Det er mange som kjem til oss og er litt småvillbassar, men dei roar seg ned og finn ut av ting, seier han.

Tambarskjelvet Vektløstergruppe

FLEIRE UNGE: Tambarskjelvet vektløftargruppe i Naustdal har fleire unge medlem.

Foto: Jørn Helgheim

Forskingsleiar ved idrettshøgskulen på UIT, Svein Arne Pettersen, seier det er ei myte at styrketrening er skadeleg for ungar.

– Sjølv om eg vil rettleie born til i denne alderen til å drive med annan type trening, er det ei myte at det er skadeleg, seier Pettersen.

Heller ikkje Helgheim er bekymra for at dei som er med er for unge til å lyfte vektar.

– Vi har lite skadar her. Her kan dei bestemme farta sjølv og sjå kva dei er gode for, seier han.