Hopp til innhold

Sikra fjerdeplass i poker-comebacket

Andreas Fardal (30) frå Sogndal slutta å spele poker for mange år sidan, men då tidenes første NM vart arrangert i Norge slo han til med ein fjerdeplass i comebacket.

Anderas Fardal

NØGD: Andreas Fardal kan glisa heile vegen til banken etter å ha sikra seg 384.240 skattefrie kroner for fjerdeplassen sin under poker-NM.

Foto: Tomas Stacha / Global Poker Tours

– Eg er veldig godt nøgd. Eg gjekk inn i turneringa med null forventningar og enda opp med ein fjerdeplass, seier Fardal til NRK.

I helga vart det første noregsmeisterskapen i poker på norsk jord arrangert. Tidlegare har det vore forbod mot organisert poker i Norge og NM har då blitt arrangert i utlandet.

– Det var god stemning og folk var veldig nøgd med at vi no får lov til å spele NM i Norge, seier Fardal.

Lite i det siste

Fardal vart hekta på poker for elleve-tolv år sidan, og spelte veldig mykje i nokre år før han trappa ned og fokuserte på studium.

– Eg har nesten ikkje spelt poker dei siste åra, men då denne sjansen dukka opp vart eg med, seier Fardal.

Andreas Fardal

KONSENTRERT: Konsentrasjonen var på topp på finalebordet.

Foto: Tomas Stacha / Global Poker Tours

Nesten 2000 spelarar betalte dei 5000 kronene det kosta å kjøpe seg inn på NM.

Når skjønte du at det kunne gå mot ei topplassering?

– Då eg kom inn på dag tre og det var rett over 100 igjen skjønte eg at det kunne bli bra, fortel Fardal.

30-åringen har vore med i NM før. I 2006 under NM i Sverige rauk han ut under første dag.

Spelte mot verdsstjerne

På fjerde og siste dag under NM var det elleve som sat igjen på finalebordet – ein av dei var Felix Stephensen som i fjor vart nummer to i poker-VM i Las Vegas.

Erik Stephensen

VINNAREN: Felix Stephensen gjekk til topps i det først noregsmeisterskapen som vart arrangert i Norge. I fjor tok han andreplass i poker-VM som sikra han rundt 40 millionar kroner.

Foto: Stacha Tomas / Global Poker Tour / NTB scanpix

– Han er utruleg dyktig. Det er viktig for poker i Norge at folk ser at det er eit spel der ein treng ferdigheiter og ikkje berre flaks. At han kjem på andreplass i VM og så vinn NM er ikkje tilfeldig, seier Fardal.

Fardal forklarar at for å lukkast i poker må ein sjølvsagt ha ein del flaks, men ein må spele smart og satse riktig for å vinna. Han kom inn på siste dagen under poker-NM som den med minst pengar på hand, men spelte seg opp til ein fjerdeplass.

Stephensen som vann turneringa fekk 1,4 millionar kroner for innsatsen.

Oppussing

Andreas Fardal

OVER OG UT: Her ryk Fardal ut, etter å ha spelt seg opp mange plassar på NMs siste dag.

Foto: Tomas Stacha / Global Poker Tours

Fardal bur for tida i Oslo der han jobbar som prosjektleiar på eigedomsavdelinga til Høgskulen i Oslo og Akershus.

Med fjerdeplassen i turneringa sikra Fardal seg 384.240 skattefrie kroner.

– Eg skal pussa opp leilegheita mi, så dei pengane kjem godt med der, svarar Fardal på spørsmål om korleis han skal bruka gevinsten.

Fjerdeplass i comebacket på pokerbordet, blir du å sjå i fleire turneringar framover?

– Eg kjem ikkje til å reise rundt på turneringar, men skjer det noko i nærleiken hiv eg meg kanskje med, seier han.