Hopp til innhold

Uvisse blant SFE-tilsette

SANDANE (NRK): Då det vart vedteke å slå saman Sogn og Fjordane og Hordaland var dei 260 tilsette i Sogn og Fjordane Energi - SFE - klare over at det kan påverke framtida deira.

Geir Magne Evebø

– TYNGDEKRAFTA RÅR: Det meiner tillitsvald Geir Magne Evebø i SFE.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

For Sogn og Fjordane er den klart største eigaren i SFE med vel 48 prosent av aksjane. Slår vi saman eigarpostane til kommunane i dekningsområdet er om lag 61,5 prosent lokalt eigd. Resten, 34,5 prosent, eig BKK.

Geir Magne Evebø er tillitsvald i SFE og leiar for driftssentralen. Han har mange år bak seg i kraftkonsernet. Han vedgår at det for tida er vel spennande for dei tilsette.

– Den bitte vesle parten

Denne veka kom ei arbeidsgruppe med framlegg om å slå saman produksjonsselskapa til SFE og BKK pluss delar av Hydro Energi.

– Vi veit ikkje om det er det som blir resultatet, men det er eitt av spora dei vil fylgje. Der blir plutseleg SFE den bitte vesle parten i det store spelet. Tyngdekrafta rår, så vi ser faren for at arbeidsplassar kan gå tapt.

Han seier at dei tilsette ikkje kjem til å sitte passive og sjå på det som skjer.

– Vi kjem sjølvsagt til å kome med innspel. Vi følgjer godt med på det som skjer. Vi vil helst ha eigarar som er interesserte i å drive og utvikle selskapet vidare, ikkje slike som berre tenker på å ta ut utbyte og tappe mest mogeleg ut av selskapet.

SFE på Sandane

STOR ARBEIDSPLASS: Hovudkontoret til SFE i Bukta på Sandane.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Ventar med å tone flagg

Konsernsjefen i SFE, Johannes Rauboti, seier at dei er førebudde på at det skjer endringar.

– Det har vore kjent lenge at det har vore ein prosess i gang for å vurdere løysingar som kan sikre at fylkeskommunen som største eigar i SFE kan behalde verdien av eigarskapen sin i det som no er Sogn og Fjordane fylke, sjølv om fylket skulle bli slått saman med Hordaland.

Johannes Rauboti

– HAR HANDA PÅ RATTET: Konsernsjef Johannes Rauboti i SFE.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Rauboti vil her og no ikkje seie om han er positiv eller negativ til framlegget om samanslåing av produksjonsselskapa til BKK og SFE.

– For det vil vere avhengig av andre ting som ikkje er utgreidde enno. Men eg trur det er ein veg som er gjennomførbar i fall det er slik at det løyser hovudutfordringane til dei to store eigarane.

Rauboti seier at ein del av dei tilsette er urolege for framtida, medan andre tek det meir med ro.

– Vår oppgåve er å ha handa på rattet i dei prosessane som skjer, og sikre at alle endringane blir til det beste for selskapet og eigarane. Vi vil syte for best mogeleg informasjon internt, slik at kan skape tryggleik rundt det. Eg er sikker på at vi er godt rusta til å få det til på ein god måte.

– Har starta i feil ende

Leidulf Gloppestad

– I FEIL ENDE: Ordførar Leidulf Gloppestad (Sp) i Gloppen.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Leidulf Gloppestad (Sp) er ordførar i vertskommunen Gloppen, der 120 av dei 260 tilsette i SFE har arbeidsplassen sin. Han meiner heile prosessen har starta i feil ende.

– Dette er eit utslag av ei fylkessamanslåing. Det hadde vore betre om eit arbeid for eit felles produksjonsselskap hadde kome fordi det var noko ein ville, ikkje noko ein måtte.

Ordføraren frå Senterpartiet legg ikkje skjul på at han gjerne ser at vedtaket om samanslåing av Hordaland og Sogn og Fjordane blir oppheva av ei eventuell raud-grøn regjering etter valet.

Men han meiner det må bli opp til SFE å velje veg framover.

– SFE er oppteken av å sikre arbeidsplassane og kontrollen av kraftressursane. Skal vi la SFE gjere det må vi sette dei i stand til det i form av at det er det einaste dei skal ta omsyn til.