Set prosjekt på vent

Helse Førde set byggjeprosjektet på vent for å behandle klagen frå Åsen og Øvrelid AS, skriv Firda. Entreprenøren tapte anbodskonkurransen trass i at dei var 20 millionar billegare. I dag blei det kjent at dei har sendt inn klage. Direktør Arve Varden seier det blir gjennomgang av både innsyn og habilitet.

Arve Varden
Foto: Oddmund Haugen / NRK