Hopp til innhold

Helse Førde gjekk for eit dyrare byggfirma – ekspert har nesten aldri sett liknande

Entreprenøren som vann anbodet om å bygga Nye Førde sjukehus var vesentleg dyrare enn konkurrenten. Ekspert på offentlege anskaffingar Robert Myhre har nesten aldri sett pris vekta så lågt i anbodskonkurransar.

Nybygg Førde sjukehus.

NYBYGG: Helse Førde skal bygge nytt for over ein milliard kroner.

Foto: Elias Håvarstein / NRK

Førde sentralsjukehus skal byggast på og bli renovert for nesten ein og ein halv milliard kroner fram mot 2027. Men Helse Førde lét pris vera ein liten faktor i tildelinga av ei byggkontrakt – berre 20 prosent. Det var Firda som omtalte saka først.

Robert Myhre, jurist og ekspert på offentlege anskaffingar, har nesten aldri vore sett konkurransar der pris blir vektlagd så lite.

– Det er innanfor, men strikken er strekt til brestepunktet. Det vanlege er å vektlegga pris mellom 30 og 50 prosent i slike konkurransar.

Veidekke Entreprenør AS vann anbodet, trass i at tilbodet var 20 millionar dyrare enn til konkurrenten Åsen & Øvrelid.

– Skrivekonkurranse

Myhre har tidlegare jobba i Nærings- og handelsdepartementet, og var sekretariatsleiar for klageorganet for offentlege anskaffingar (KOFA). Han fortel at dette er ein samspelskontrakt, som skil seg litt frå ein vanleg anbodskonkurranse.

– Vanlegvis leverer leverandørane eit tilbod med to strekar under prislappen. Her er tanken å kopla på leverandøren meir som ein rådgjevar i starten, som skal utvikla bygget saman med oppdragsgivar.

– Kriteriet «oppgåveforståing og gjennomføringsplan» blir i praksis ein norskstil-konkurranse. Ein forklarar korleis ein har tenkt å jobba med dette oppdraget, og vil få ei vurdering utifrå kor bra oppdragsgivar synast dette er beskrive og kor flink leverandøren verkar.

Helse Førde svarar:

Direktør for Psykisk helsevern ved Helse Førde, Børge Tvedt, meiner helseføretaket har gjort grundige vurderingar som held seg til lovverket.

– Dette er ein vanleg måte å organisere på, sjølv om måten er ny. Vi skal bygge eit stort og spesielt bygg. Gjennomføring, kompetanse og pris til saman gjer oss trygge på at vi kan løyse dette innen rammene, seier Tvedt.

Det finst døme på andre storprosjekt, der pris er blitt vekta så lågt. I regjeringskvartalet i Oslo var modellen brukt då dei tre første store entreprisekontraktane skulle delast ut, skriv Bygg.no . Også der var prisen vekta til 20 prosent.

– Samhandlingsfasen med entreprenør vil vise endeleg pris. Ein særs viktig del av kontrakten er kontroll på kostnader, seier Tvedt.

– Pris ikkje viktig

I tildelingsbrevet skriv Helse Førde at Veidekke var «klart best» på både «oppgåveforståing og gjennomføringsplan», og «kompetanse og erfaring frå tilbode team».

Dei to selskapa vart gitt poeng på ein skala frå 1 til 10. Veidekke enda på 9,47 poeng, medan Åsen & Øvrelid fekk 8,45 poeng.

– Eg har ikkje finrekna på det, men om dei får eitt poeng meir på oppgåveforståing og eitt poeng meir på kompetanseerfaring, spelar prisforskjellen nesten ingen rolle. Det skal ekstremt mykje til å utlikna eitt poeng forskjell på dei andre kriteria, seier Myhre.

– Så her kunne ein ha levert eit tilbod der ein ikkje tenkte pris fordi det er vekta så lite, og satsa på å vinna dei andre punkta?

– Ja, det er der konkurransen blir avgjort. Det å legga seg på eit lågt prisnivå her har ingen hensikt, seier Myhre.

Skuffa, men fatta

Åsen & Øvrelid har bedt Helse Førde om å få vita kvifor Veidekke var betre på kompetanse og erfaring. Klagefristen er tysdag 3. desember, men dei har endå ikkje bestemt seg for om dei vil klaga eller ikkje.

– Me har lite informasjon om kva som ligg bak vurderinga og har spurt byggherren om innsyn. Då får me ei kvalitetssikring av betraktningane som er gjort rundt vårt tilbod, slik at me kan lære til neste gong.