Hopp til innhold
Karl Frederick Shanks får hjelp av sjukepleiar Anne Mari Indrebø på eit enkeltrom på Helse Førde.
Foto: Ahmad Dean

Helse i Sogn og Fjordane

Oppsummert

Har du tips? Send dei gjerne på e-post til sf@nrk.no, ring 57 72 42 42, bruk emneknaggen #nrksf i sosiale medium eller send dei inn her.

  • Førebudd på pandemi

    Folkehelseinstituttet slår fast at Corona-viruset vil kome til Noreg. No ber dei sjukehusa forberede seg. Trine Vingsnes i Helse Førde seier at det ikkje er noko dramatisk situasjon i augeblikket og at dei er godt førebudd på ein pandemi.

  • Influensasesongen flatar ut

    Utbrotet av sesonginfluensa har stagnert, ifølgje Folkehelseinstituttet. Sjølv om det er færre sjuke, trur instituttet at det vil bli fleire tilfelle dei neste vekene. Vestland og Rogaland har flest pasientar med influensaliknande sjukdom.

  • Vil flytte ambulanse

    Helse Førde vil flytte ein dagbil frå Luster til Sogndal. Styret vedtok dette som ei prøveordning på eitt år som del av planen for dei prehospitale tenestene i helseføretaket. Saka om ambulansestasjonen i Lavik og i Ytre Bremanger blei utsett.

  • Legg ned ambulansebåt

    Styret i Helse Førde har i ettermiddag vedtatt å legge ned dagens ambulansebåt i Askvoll. Ein ny ambulansebåt stasjonert i Solund skal i framtida dekke øyane også i Askvoll. Forslaget har vekt store protestar lokalt, men administrerande direktør Arve Varden seier ei effektivisering er naudsynt.

  • Blir nestleiar i styret

    Olin Johanne Henden frå Jølster blir ny nestleiar i styret for Helse Vest. Henden har vore styremedlem i åtte år og tek over nestleiarvervet etter Tone Berntsen Steinvåg. – Det er motiverande, og det forpliktar meir enn det å vere styremedlem.

    Olin Johanne Henden
    Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK