Det billigaste alternativet tapte – no klagar dei

Den lokale entreprenøren tapte anbodet om å få bygge delar av nye sjukehuset. No vil dei «sjekke at ting har gått riktig føre seg».

Nybygg til Førde sjukehus.

MILLIARDPROSJEKT: Helse Førde skal bygge nytt for over ein milliard kroner fram mot 2027.

Foto: Elias Håvarstein / NRK

– Vi har vurdert det no på morgonen, saman med vår advokat, og konkludert med at vi vil klage på tildelinga, seier dagleg leiar i Åsen & Øvrelid, Finn Ove Øen.

Det var Firda som først skreiv om saka.

Åsen & Øvrelid tapte anbodskonkurransen mot Veidekke Entreprenørar AS, trass i at sistnemnde var 20 millionar dyrare.

– Det er svært sjeldan at prisen på tilbodet har så lite å seie som i denne anbodskonkurransen, seier Robert Myhre, som er ekspert på offentlege anskaffingar.

Finn Ove Øen

IKKJE NØGD MED INNSYNET: Dagleg leiar i Åsen og Øvrelid, Finn Ove Øen, vil gjerne vite meir om kva som ligg i vurderinga som gjorde at dei tapte kampen om å få bygge delar av nye Førde sjukehus.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Fekk sladda rapport

Klagen er i hovudsak basert på det Øen meiner er eit altfor avgrensa innsyn.

– Vi har bede om innsyn i tilbodet til Veidekke og evalueringane som har vore gjort, og meiner det me får i for stor grad er sladda og gir lite meining for oss med tanke på å finne ut kva som ligg bak. Det me ønskjer er difor å få betre innsikt i det som er levert og vurdert, for å sjekke at ting har gått riktig føre seg.

Åsen og Øvrelid vil også ha meir informasjon rundt habilitetsspørsmålet, som Firda har omtala. Bjørnar Haveland var tilsett i Helse Førde og gjekk til Veidekke rett før utlysinga av anbodet, eit anbod som Veidekke i sin tur vann.

– Me visste om denne koplinga på førehand, men har ikkje meir inngåande informasjon, seier Øen.

– Pedagogiske utfordringar

Administrerande direktør i Helse Førde, Arve Varden, seier dei måndag føremiddag enda ikkje har teke imot noko klage, men at ein eventuell klage vil få «god og riktig behandling».

– Me meiner me har hatt ein ryddig og god prosess, men tek innover oss at det er varsla ein klage. Me har Åsen og Øverlid som entreprenør på vårt eine nybygg og syns me har eit godt forhold til dei. Det er også ambisjonen vidare.

Han seier dei tek innover seg innspela som har kome i debatten om pris og habilitet i anbodskonkurransen dei siste dagane.

– Me erkjenner at me har nokre pedagogiske utfordringar knytt til omgivnadane våre, i forhold til korleis prosessen har gått fram og kvifor me har teke dei vala me har gjort. Mellom anna kvifor pris er vekta så lågt som det er gjort.

Varden fortel at dei jobbar med å skrive eit lesarinnlegg som vil belyse prosessen frå a til å.

– Me legg ikkje skjul på at habilitetsspørsmålet er noko me også har sett på, og vi har då hatt både eigne og eksterne juristar som har sett på situasjonen. I samråd med dei har me kome fram til ein konklusjon der me har gjort dei tiltaka som me meiner har vore riktig. Men me erkjenner også i dette at folk utanfrå, som ikkje har den innsikta i kva som har skjedd, stiller spørsmål.

Ein viss avkjølingsperiode

Helse Førde og Veidekke ville spart seg for ein del vanskelege spørsmål om dei hadde innført ei karantenetid, seier Jan Fritjof Bernt, som er professor i juss ved Universitet i Bergen.

– Med ein viss avkjølingsperiode unngår du fare for å bruke kunnskap du ikkje skulle bringe vidare, seier han.

LES OGSÅ: Førde sentralsjukehus skal byggast på og bli renovert for nesten ein og ein halv milliard kroner fram mot 2027.


Reaksjonar på nett

Frank Willy Djuvik, gruppeleiar for Frp i Fylkestinget, er mellom dei som har engasjert seg i saka i sosiale medium.

– Eg reagerer på at Helse Førde i likskap med mange andre offentlege innkjøparar, legg kriterium for innkjøpa sine som hindrar lokale leverandørar og entreprenørar frå å få kontraktane. Det finst mange gode ordningar i anskaffingsregelverket for å sørge for at lokale leverandørar kan konkurrere på like vilkår med andre. Når ein legg kriteria og vektingane i tildelingskriteria på ein slik måte, er det nesten umogleg for lokale, skriv han. Og legg til:

– Det tykkjer eg er ein uting.