Hopp til innhold

Sesay tilbake i Sierra Leone

Sogndal-spelaren Mohammed Sesay er no tilbake i heimlandet Sierra Leone. Klubben håpar han får arbeidstillatelse raskt og er speleklar til kampen mot Strømmen 1. august.

Mohammed Sesay
Foto: Rune Fossum

- No er han tilbake hjå familien sin i Freetown og trenar med laget han spelte på før han kom hit. No ventar me på få sendt søknad om arbeidsløyve for han, seier sportsleg leiar i Sogndal, Trond Fylling.

Les og: Står i kø for å komme ut av Norge

Les og: Sesay får ikkje svar på asylsøknad

Kronglete overgang


Dermed har den svært kronglete overgangssoga til den 19 år gamle midtbanespelaren kome eitt steg vidare. Mohammed Sesay kom til Norge som asylsøkar i 2008, vart oppdaga av 2. divisjonklubben Raufoss og spelte for dei i 2009-sesongen. Sogndal vart interessert i den lovande spelaren og henta han like før jul. Tanken var at han skulle erstatte kapteinen Rune Bolseth som gjekk til Hønefoss før denne sesongen. Men i februar vart det klart at asylsøknaden hans var endeleg avslegen, og sidan den tid har saka hans stått fast hjå politiet og Utlendingsdirektoratet.

Les og: Sesay fekk avslag på asylsøknad

Måtte ut av landet


På grunn av at det ikkje er lov til å søke om opphaldsløyve i Norge medan han er i landet, måtte Sesay returnere til det krigsherja heimlandet for å søke derifrå, men vegen heim vart vanskeleg. Sidan februar har han venta på at saka hans skal bli endeleg avslutta, slik at International Organisation for Immigration kunne transportere han ut.

Håpar på 1. august


- No har vi sendt han heim for klubben si rekning og vi har fått signal om at saka hans blir avslutta i dag, seier Fylling.
- Kor lang tid vil det då ta før han er speleklar?
- Det veit vi ikkje, men eg er optimist og håpar han er speleklar til 1. august, seier Fylling.