Hopp til innhold

Thodesen hyllar Sogndal-signering

– Sogndal kan ha skote gullfuglen ved å signere midtstopparen Espen Næss Lund .

Tor Thodesen

FEKK NEI: Tor Thodesen prøvde sjølv å hente Sogndal si nysignering då han trena Sandefjord.

Foto: Ulveseth, Birte / SCANPIX

Espen Næss Lund

KLAR FOR SOGNDAL: Tønsberg-kaptein Espen Næss Lund.

Foto: NRK

Det trur tidlegare Sandefjord-trenar Tor Thodesen, som trente Næss Lund i Tønsberg i fjor.

Den 25 år gamle Tønsberg-spelaren signerte tysdag ein treårskontrakt med eliteserielaget på Fosshaugane.

– Berre å gratulere

Thodesen trur midstopparen vil takle overgangen frå 2. divisjon til Eliteserie svært godt.

– Espen har alt som skal til for å klare dette veldig elegant. Som eliteserietrenar vill eg ikkje nølt med å ta inn Espen. Det er berre å gratulere Sogndal med valet. Det kan vise seg å bli ei veldig smart signering, seier den tidlegare NRK-eksperten.

Senka Vålerenga i cupen

Midstoppar Espen Næss Lund , med sine 194 cm, er mest kjend for å ha skåra to mål då Tønsberg slo ut gamleklubben hans, Vålerenga, i cupen i 2010. Ut over det høyrest det ikkje så imponerande ut med ein 25-åring som stort sett har spelt i 2. divisjon etter den mislukka overgangen til Vålerenga som 16 åring.

Men det har si forklaring, seier den tidlegare Sandefjord-trenaren.

– Den første er at han burde ha vore tilbake i eliteserien for lenge sidan, men han har vel rett og slett valt lojalitet og interesse for å få til noko i heimbyen sin. Eg prøvde då eg var i Sandefjord å få han dit, men fekk til svar at han skulle opp i Adeccoligaen med Tønsberg, fortel Thodesen.

Grorud anbefalte Sogndal

Lars Grorud

FORLET SOGNDAL: Kaptein Lars Grorud går til Brann, men anbefalte sogndølene til sin gamle lagkamerat frå Tønsberg.

Foto: Rune Fossum / NRK

Espen Næss Lund er den andre Tønsberg-kapteinen som går til Sogndal, og han rådførte seg sjølvsagt med forgjengaren Lars Grorud, som går til Brann ved årsskiftet, før han skreiv under treårskontrakten i tysdag.

– Eg har snakka med Lars og har fått litt innsideinformasjon om kva som ventar meg og kva eg kan gle meg til. Det har berre vore godord frå hans side, både i forhold til Sogndal som klubb og som stad. Så det er berre å gle seg, seier nysigneringa.

– Han er betre enn Grorud var

Thodesen trur Sogndal får ein langt meir ferdigutvikla spelar no, enn kva dei fekk då Lars Grorud for nokre år sidan kom til klubben.

– Eg ikkje berre trur, men er heilt sikker på at Espen er lengre framme no, enn Lars Grorud var då Sogndal henta han. Då har ein fått ein målestokk på at ein har fått ein ruvande spelar, slik eg ser det.