Hopp til innhold

Vil gå i strupen på dei beste

Sogndal skal vere blant dei best trente i eliteserien og spele meir variert enn i fjor, seier Sogndal-trenar Eirik Bakke.

Eirik Bakke trening 6. januar 2015

FOKUSERT: Sogndal-trenar Eirik Bakke hadde 16 spelarar med på føremiddagstreninga torsdag.

Foto: Christian Blom / NRK

Bakke fortalde om denne målsettinga då NRK var på plass for å sjå på dagens fellestrening. Onsdag hadde Sogndal si første trening framfor ein sesong der Sogndal er tilbake i det gode selskapet.

Men det at det no handlar om eliteserien får ikkje den unge trenaren til å skjelve i buksene.

– Eg er ganske roleg, anten det er Tippeliga eller noko anna. Eg har ikkje tenkt så mykje på det. Det er ny sesong, og då skal vi møte mykje betre lag enn i fjor. Det betyr at vi må løfte ein del ting. Vi har ein hard jobb framfor oss dei to komande månadene.

– Må tore å gå i strupen på gode lag

Bakke er oppteken av at det mentale også må vere på plass.

– Vi må prøve å ikkje frykte dei vi møter. Vi møter mange lag som er gode til å halde på ballen, det betyr at vi må vere gode til å ligge lågt og køyre kontringar. Men vi må og tore å gå i strupen på gode lag. Det har eg lyst til å bruke treningskampane til å prente inn i gjengen.

Men skal Sogndal greie dette må laget vere svært godt rusta reint fysisk, med spelarar som spring mykje.

– Vi har fokus på at vi skal ha eit fortrinn der. Sjølv om alle lag seier at dei skal vere gode fysisk så må vi som er mellom dei minste i Tippeligaen vere ekstra god på det. Vi må vere gode som lag og vere lojale mot måten vi skal spele på. Det var gutane fantastisk bra på i fjor, så det må vi byggje vidare på.

Eirik Bakke i prat med Marius Bøe

SAMSPEL: Eirik Bakke i samtale med assistenttrenar Marius Bøe. Mellom dei Victor Grodås.

Foto: Rune Fossum / NRK

– Meir uføreseielege

– I fjor var tanken å gå ut med 4-3-3-formasjon. Det vart 4-4-2. Kva ser du for deg i år?

– Vi byggjer vidare på det vi slutta med i fjor. Vi har fleire måtar å spele på, vi må ha fleire strenger å spele på når vi møter sterkare motstand. Vi har eit spelekonsept som er bygt opp rundt 4-4-2, men vi opnar opp for 4-3-3 i enkelte kampar. Vi må vere meir uføreseielege i år.

Bakke seier at speleformasjonen i nokre kampar kan bli avgjort ut frå kva einskildspelarar som er i god form.

– Vi har fire spissar i troppen, og vi spelar i utgangspunktet med to spissar, men dersom vi har mange midtbanespelarar i god form kan det hende vi spelar litt annleis. Spelarane må vere førebudde på å kunne fleire system.

– Unge, svoltne spelarar

Det var 16 spelarar som var med på føremiddagsøkta i Sognahallen.

– Vi har ein del spelarar som slit med sjukdom og skade, men vi er bra mange. I morgon køyrer vi testar, så er det treningar fram mot søndag og neste veke, så dei skal kome i god form. Det er godt å kome i gang. Og så er det to månader til seriestart, det er ikkje så lenge til.

– Er du nøgd med den spelarstallen du har no?

– Eg er nøgd med dei gutane som er her. Vi byggjer vidare på dei vi hadde i fjor, og så har vi fått inn eit par svoltne gutar som Ole Amund Sveen, som kom frå Hødd, og Martin Ramsland frå Strømmen.

– Vi har Gilbert Koomsom som er her nokre dagar, ein spennande, ung spelar. Vi er opptekne av å ha inn unge, svoltne spelarar som vil framover. Det kjem heilt sikkert til å skje meir framover.

Gilbert Koomson på trening med Sogndal

KANSKJE SOGNDAL-SPELAR? Gilbert Koomsom er i Sogndal nokre dagar for å snakke med Bakke og resten av laget.

Foto: Rune Fossum / NRK