Hopp til innhold

Står i kø for å komme ut av Norge

Sogndal-spelaren Mohammed Sesay (19) har i to månader stått i kø for å komme ut av Norge. No kan han miste heile 2010-sesongen.

Mohammed Sesay

I KØ: Mohammed Sesay skulle dirigere Sogndal si midtbane denne sesongen. Men no får han korkje spele eller reise heim. Her er Sesay på tribunen under oppgjeret mot Sarpsborg 08 på Fosshaugane.

Foto: Rune Fossum

Mohammed Sesay har fått avslag asylsøknaden sin, og har stått to månader i kø for å komme ut av landet.

No kan Sogndal i verste fall komme til å måtte klare seg utan 19-åringen resten av sesongen.

- Dei byrjar å bli rimeleg lei av meg på det kontoret eg stadig vekk ringjer. Sesay går her mot si eiga vilje, sukkar Trond Fylling.

Jobba i månadsvis utan løysing

Då Sogndal skulle erstatte midtbanesjefen Rune Bolseth framfor årets sesong, fall valet på den 19 år gamle Raufoss-spelaren Mohammed Sesay.

Men: Kjøpet kan førebels best karakteriserast som katta i sekken.

Sportsleg heldt spelaren i massevis, men då det viste seg at 19-åringen frå Sierra Leone allereie hadde søkt om asyl i Norge og fått avslag - vart det straks langt meir komplisert.

No har Sogndal jobba med saka i fleire månader. Utan å finne ei løysing.

Ventar på UDI-transportering

Etter at han har fått avslag på asylsøknaden, må han nemleg reise tilbake til heimlandet for å søkje om arbeidsløyve derifrå.

Søknaden hans kan ikkje berre flyttast direkte frå asylsøkjarbunken og over i bunken for arbeidsløyve.

No ventar han framleis på at UDI og politiet skal transportere han ut av landet.

- Eg har spurt om vi ikkje kan organisere dette sjølv, men då får eg beskjed om at han vil bli stoppa på Gardermoen, seier sportsleg leiar Trond Fylling i Sogndal.

- Ein spelar vi saknar

Søknaden om arbeidsløyve tek normalt tre månader å handsame. Då er det tvilsamt om Sesay får spele fotball for Sogndal før sesongen er over i november.

- Vi må i sommar ta eit standpunkt til om vi må erstatte Sesay eller tenkje annleis, seier Fylling.

- Men de slepp han ikkje?

- Nei. Han kan opne forsvaret til motstandaren, og han kan også gjere ein god jobb reint fysisk. Så han er ein spelar vi for tida saknar, seier Fylling.