19-åringen fekk endeleg avslag på asyl like før han vart
.- Slik det ser ut no må han heim i tre månadar før han kan komme attende hit. Vi må berre sjå om det er ei opning. Slik det ser ut no, så er det ikkje sikkert at han blir klar før til hausten, seier sportsleg leiar i Sogndal Fotball, Trond Fylling.
Kom som flyktning
Spelaren sjølv er redd for å returnere til heimlandet, der ein borgarkrig har herja i 19 år. I 2008 flykta han og i Norge tok livet hans ei heilt ny retning. Etter å ha briljert i ei turnering for asylsøkjarar, vart han invitert på trening med 2. divisjonslaget Raufoss.
Han fekk dispensasjon frå Utlendingsdirektoratet til å spele for Raufoss. Der vart han oppdaga av Sogndal og peika ut som erstattar for kaptein og bærebjelke Rune Bolseth.
Avslag i juni
Sportsleg leiar i Sogndal, Trond Fylling, fryktar at dei må klare seg utan midtbanespelaren Mohamed Sesay i store delar av kommande sesong.
Foto: ScanpixNo viser det seg at asylsøknaden hans vart avslegen i juni i fjor. No jobbar Sogndal på spreng for å finne ei løysing slik at dei kan bruke den nye nøkkelspelaren sin når 1. divisjon startar.
- Han er ein veldig god spelar. Dei opplysningane vi fekk tidleg på året var at dersom han fekk arbeid, kunne få opphaldsløyve ved å vise til kontrakten. Men slik er det når du held på med slike saker. Det er ikkje alltid det går den vegen ein ynskjer, seier Fylling.