NRK Meny
Normal

Ser ikkje vekk frå at laget blir forsterka i vinter

Sogndal-trenar Eirik Bakke vil legge dagens tap mot Levanger bak seg fortast mogleg. No startar arbeidet med å leggje kabalen for neste sesong.

Eirik Bakke

KABAL: Sogndal-trenar Eirik Bakke og resten av klubben startar no planlegginga som må gjerast før dei til våren skal spele i eliteserien.

Foto: Alf Vidar Snæland / NRK

– Vi møtte eit lag som spelte for å overleve, og vi hadde eigentleg ikkje noko å spele for, så det var eit farleg utgangspunkt, seier Bakke etter at Sogndal tapte 4–1 mot Levanger på bortebane.

Allereie tre kampar før serieslutt sikra sogndølane seg opprykk til eliteserien. Med eit svært komfortabelt forsprang på tabellen var det meste i boks. Bakke lova at han og mannskapet skulle bite frå seg i Trøndelag, men må ta den lange bussturen heim med tap i baggasjen.

– Vi må berre gløyme denne kampen her, og heller glede oss over at vi vinn serien med ni poeng, seier Bakke.

Fleire spelarar på utgåande kontrakt

Med eitt år som Sogndal-trenar på baken skal han no ta laget med tilbake opp i eliteserien. Planlegginga og legginga av spelarkabalen er allereie i gang. Fredag vart det kjent at estlendaren Taijo Teniste blir med vidare i to nye år.

Lars Christian Kjemhus, Osita Chikere og Thomas Drage har også kontraktar som går ut ved årsskifte. Kva som skjer med dei kan ikkje Bakke svare på enno.

– Vi skal gå i dialog med dei no for å begynne å leggje kabalen, men det er for tidleg å seie noko enno, seier Bakke.

– Nøgd med den gjengen eg har

Supporterleiar i Saftkokaradn, Vidar Vadseth, meiner det kollektivet i Sogndal vil gjere laget sterke i Eliteserien. Han ønskjer seg samtidig ei forsterking i alle ledd.

Det kan ikkje Bakke love sånn utan vidare.

– Vi er alltid på utkikk etter gode spelarar som kan forsterke laget. Men eg er godt nøgd med den gjengen som eg har og eg har lyst å bruke litt tid på å kartlegge ting framover.
Det er viktig at dei typane vi hentar passar godt inn i den måten vi spelar på, og at det er typen vi vil ha inn i gjengen som er.

– Det er ein fantastisk gjeng som har hatt ein god sesong, og som fortener å spele i eliteserien.

Før spelarane får ein liten juleferie ventar treningskamp mot Molde 18. november.

Vi skal trene godt ei par veker fram mot treningskampen, og så skal dei få seg ein velfortent pause før vi køyrer på igjen frå januar av, seier Bakke.