Sogndal sikra opprykk til Eliteserien då det stod att tre kampar, og hadde nesten berre æra å spele for då dei vitja Levanger i årets siste serierunde i 1. divisjon. Men vertane var ikkje i det gåvmilde slaget.
Trønderlaget måtte vinne for å berge plassen. Til pause leia laget 3-0, før dei plussa på til 4–0 kort tid etter pause. Sogndal reduserte til 4–1 åtte minutt før full tid, men det vart med det (sjå kampreferat nedst i saka).
- Les også:
– Det er litt pinleg, men det er ein naturleg reaksjon på ein fantastisk sesong, seier talsmann for supporterklubben Saftkokaradn, Vidar Vadseth søndag ettermiddag.
Han hadde sjølv ikkje teke turen til Trøndelag, og måtte konstatere at laget frå saftbygda avslutta sesongen med eit stortap.
– Dei måtte gå på eit tap før eller seinare, så det var heilt greitt å ta det i siste kampen, seier Vadseth.
- Les også:
– Kollektivet gjer dei sterke
No ventar nokre månader med pause frå seriefotballen, og til våren kan Sogndal vente seg hakket kvassare motstand enn i år. Vidar Vadseth kjenner seg trygg på at laget har mykje godt å byggje vidare på før sesongen i Eliteserien blir sparka i gong.
– Kanskje får dei inn ei forsterking i kvart ledd, og så må dei byggje vidare på det dei har begynt på. Då trur eg dette blir veldig bra, seier han.
Vadseth har tidlegare vore full av lovord av det trenar Eirik Bakke har fått til med Sogndal-laget på berre ein sesong. Sist gong Sogndal rykte ned frå Eliteserien i 2004, tok det seks år før dei kom seg opp att. Med Eirik Bakke som trenar trengde laget berre ein sesong.
Supporterleiaren rosar samspelet i laget og trur det blir eit sterkt kort å ha med seg når laget neste år møter lag som Stabæk, Strømsgodset og Rosenborg.
– Det er ein for alle og alle for ein, dei jobbar og slit for kvarandre. Så kollektivet er den store fordelen deira. I tillegg har dei nokre spelarar med veldig spisskompetanse, slike som til dømes Kristian Fardal Opseth som er god på farlege dødballar, seier Vadseth.
- Les også:
- Les også:
Vil ikkje ha for store forhåpningar
Han trur samtidig det er viktig å ikkje bite over for mykje allereie neste år.
– Eg trur ikkje vi skal ha nokon kjempeforhåpningar om å kjempe om medalje og slike ting.
– Men ein plass mellom midt på tabellen og over streken bør vere overkomeleg, eg trur det kan vere ei sunn målsetting for den første sesongen, seier han.