Hopp til innhold

Teniste klar for to nye år i Sogndal

Estiske Taijo Teniste blir i Sogndal i to nye år.

Taijo Teniste

UT 2017: Taijo Teniste blir i Sogndal i to nye år.

Foto: Christian Blom / NRK

Ifølgje klubben sine eigne nettsider har estlendaren skrive under om ein ny avtale som strekkjer seg ut 2017. Sportsleg leiar Håvard Flo skildrar Teniste som ein av dei som blir stadig viktigare for laget.

– Vi er veldig glade for å få ha Taijo med oss vidare, seier Flo.

Teniste kom til Sogndal i september 2011, etter å ha vore på prøvespel om sommaren. 27-åringen får skryt for sin rutine og klokskap på bana, og gler seg sjølv til å bli i saftbygda ei stund til.

– Eg likar meg veldig godt i Sogndal, og trivst veldig bra i klubben. Vi har godt samhald i spelargruppa og det trenarteamet som er her står verkeleg på for oss, seier Teniste til SogndalFotball.no.

Søndag spelar Sogndal sin siste kamp for sesongen når dei møter Levanger på bortebane. Det er allereie klart at Sogndal vinn serien og rykkjer opp til eliteserien. Der lovar Teniste at han skal vere med å bite frå seg.

– Eg trur vi kjem til å overraske fleire til neste år, seier forsvarsspelaren til nettstaden.