Hopp til innhold

Den ferske WWF-sjefen vil ha forbod mot heliumballongar

I Bergen er det forbode. Det same kan skje i Oslo. No ber den ferske WWF-sjefen fleire kommunar om å følgje etter.

Bård Vegar Solhjell

FERSK GENERALSEKRETÆR: Tidlegare nestleiar i SV, Bård Vegar Solhjell frå Naustdal, har vore generalsekretær i WWF – Verdas Naturfond sidan starten av mars.

Foto: Amanda Åsberg

Ballonger

BØR DETTE BLI FORBODE?: Stadig fleire tek til orde for at desse ballongane bør bli forbode.

Foto: Rainer Prang / NRK

– Desse ballongane er laga av plast. Svært mange forsvinn, og hamnar anten i naturen eller i havet. Til saman utgjer dette eit gigantisk miljøproblem, seier Bård Vegar Solhjell til VG.

Plastforsøpling har vore eit heitt tema det siste året. Dei sjokkerande bileta av gåsenebbkvalen som vart funnen utanfor Bergen i fjor vinter gjekk verda rundt. Då forskarane opna opp magesekken på kvalen fann dei 30 plastposar og store mengder plast.

Med halvanna månad att til 17. mai kjem diskusjonen om forbod mot heliumballongar opp att. I Bergen har 17. mai-komiteen allereie trekt tilbake løyve til å selje denne typen ballongar, medan Miljøpartiet Dei Grøne (MDG) i Oslo håpar å få med seg resten av politikarane på eit forbod også der.

Talsperson Stein Malkenes for MDG i Sogn og Fjordane håpar ordførarar og kommunepolitikarar her i fylket tek opp tråden og vågar å ta diskusjonen.

– Mi oppmoding til alle ordførarar, kommunestyre og rådmenn er: Ta ei runde på dette.

Vil ha eit forbod som gjeld heile året

Stein Malkenes meiner kystradioen i Florø er viktig for båtfolket.

UNØDVENDIG: Stein Malkenes i MDG i Sogn og Fjordane er positiv til at det fleire stader er forbode med sal av heliumballongar. – Det å feire er ein fin ting, men vi treng ikkje å ha heliumballongar som hamnar i havet eller naturen som søppel.

Foto: Sigrid Sørumgård Botheim / NRK

Etter feiringa av nasjonaldagen i fjor kom det i Bergen fleire meldingar om at ballongseljarar hadde late heliumsfylte plastballongar stige til vêrs på slutten av dagen. Uakseptabelt, uttalte klimabyråden i byen den gong.

Malkenes i MDG i Sogn og Fjordane meiner eit forbod handlar like mykje om å bevisstgjere folk.

– Vi kan feire 17. mai og andre festdagar på ein måte som ikkje bidreg til meir plast i naturen.

– Men er det ikkje litt småleg å forby noko som mange barn blir så glade for?

– No var eg født lenge før heliumballongane var oppfunne, og vi hadde det kjekt på 17. mai og andre festdagar utan slike ballongar, seier Malkenes som ber kommunane ta diskusjonen.

Han ser for seg at kommunane i så tilfelle legg ned eit generelt forbod, som gjeld heile året, både på 17. mai og på til dømes festivalar.

I 2017 hadde mellom anna Skien, Porsgrunn, Drammen, Bodø, Kristiansand, Halden og Arendal forbod mot heliumballongar på nasjonaldagen.

Også i Førde var saka oppe til diskusjon, etter forslag frå MDG.

– Ikkje kjøp heliumballongar

Alfred Bjørlo

SKADELEG FOR MILJØET: Meiner Alfred Bjørlo. Han meiner samtidig at folk må få bruke sunn fornuft, utan at politikarane skal leggje ned forbod mot sal av heliumballongar.

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

– Det er positivt at dette blir sett fokus på, men eg trur ikkje eit forbod er vegen å gå, seier Venstre-ordførar i Eid, Alfred Bjørlo.

Også han meiner heliumballongar er skadeleg for miljøet, men av prinsipp er han ikkje like gira på eit forbod som MDG er.

– Men eg vil oppmode folk til å ikkje kjøpe heliumballongar fordi det er dårleg for miljøet. Folk må bruke sunn fornuft.