Hopp til innhold

Samferdslepolitikarane vil ha både Olden-Innvik og Bortne-Leirgulen i Bremanger

Eit samla samferdslutval vil bruke 40 millionar kroner på å utbetre vegen Bortne-Leirgulen i Bremanger, utan at det skal gå ut over Olden-Innvik.

Bremangersambandet 2

FÅR PENGAR: Parsellane som såg ut til å kunne bli ståande att mellom Kolset og Bortnen i Bremanger (raud strek) bør få pengar, meiner samferdsleutvalet.

Foto: Statens vegvesen

Det vart klart etter at samferdsleutvalet i fylket hadde møte tysdag. I løpet av ettermiddagen onsdag skal også hovudutvalet ta stilling til saka.

Vil ta opp lån

Pengane til vegen i Bremanger vil utvalet låne

– Vi må prøve å løyse desse små parsellane som står att i Bremanger, og vil finansiere dette med lån. Samstundes held vi oppe trykket på Olden – Innvik og skal ta den løyvinga når vi kjem til budsjettet for 2012, seier utvalsleiar Arnstein Menes (Sp).

Ikkje bompengar

Det har vore ein del røyster på kysten som meiner at Stryningane må sjølve vere med på å finansiere Olden-Innvik med bompengar slik andre deler av fylket har gjort, men utvalet går ikkje inn på ein slik tanke.

– Vi ønskjer i utgangspunket ikkje å gå imot det lokale vedtaket. Dei har hatt diskusjon om dette tidlegare, og har kome fram til at dei ikkje ønskjer bompengefinansiering på dette tiltaket.

(Artikkelen held fram under biletet)

Olden - Innvik

FÅR PENGAR: Opprustinga av Olden - Innvik bør få pengar til å kunne bli fullført, meiner samferdsleutvalet.

Foto: NRK

Avtale med gruveselskap

Samferdsleutvalet seier også ja til avtalen mellom fylkeskommunen og Nordic Mining om opprusting av vegen til Engebø i Naustdal dersom det vert gruvedrift i området. Nordic Mining vil spytte inn 40 millionar i denne vegen.

Og utvalet seier ja til Kinnvegen og Osstupen Bru i Flora, Torheimvegen i Eid, Håkesundet bru i Bulandet

(Artikkelen held fram under biletet.)

Steinbrotet i Engebøfjellet

INNGÅR AVTALE: Fylkeskommunen bør seie ja til ein avtale med Nordic Mining, meiner samferdslepolitikarane. Selskapet har store gruveplanar for Engebøfjellet ved Vevring og vil betale 40 mill. for å få utbetra vegen til Naustdal.

Foto: Illustrasjon: Nordic mining

Sparte pengar i Bremanger

Menes trur innsparinga dei fekk på Bremanger II skal rekke til mykje.

– Vi meiner at den bufferen vi har no på ca 160-170 millionar kroner bør dekke mykje av dette, så det håpar vi å få til.

Saka blir endeleg avgjort av fylkestinget i 6. april