Hopp til innhold

Skuffa over vegprioritering

– Det ville vore meir forunuftig å utbetre smale og svingete parti i samband med fullføringa av Bremangersambandet, enn å prioritere Olden - Innvik.

Bremangersambandet 2

PROSJEKTET: Gjennom Bremangersambandet 1 og 2 (sjå kartet) skal knyte Bremanger saman, men nokre smale parti blir ståande att mellom Bortnen og Kolset på kartet.

Foto: Statens vegvesen

Kåre Olav Svarstad, ordførar i Bremanger.

- ULOGISK: Ordførar Kåre Olav Svarstad i Bremanger.

Foto: Torje Bjellaas / NRK
Jan Øhlckers

FØLGJER FYLKESTINGET: Fylkesrådmann Jan Øhlckers.

Foto: Brit Jorunn Svanes

Det meiner Kåre Olav Svarstad, ordførar i Bremanger.

Han er skuffa over at fylkesrådmann Jan Øhlckers prioriterer utbetring av fylkesveg 60 Olden-Innvik framfor utbetring av smale og svingete parti på den siste delen av Bremangersambandet, som no er under bygging.

Dermed blir tre parsellar ståande att på strekninga mellom Leirgulen og Bortnen i det store vegprosjektet.

– Sunn fornuft

– Deler av denne strekninga held på å bryte saman på grunn av at den ikkje tåler tungtrafikk. Uansett må det gjerast noko med både asfalt og byte av masse før ein set ny trafikk på vegen. Sunn fornuft tilseier at ein også tek desse tre parsellane, seier Svarstad.

Han viser til at parsellane som blir ståande att burde gjerast ferdig i samband med entreprenørar alt er i området.

Politikarane har prioritert

Men når det pågande anleggsarbeidet er ferdig, blir ikkje dei smale parsellane gjort noko med. I staden instiller fylkesrådmann Jan Øhlckers på å ruste opp vegen mellom Olden og Innvik

– Eg har funne det riktig å halde meg til Fylkestinget si prioritering, og der er det heilt klart at det er Olden - Innvik som skal prioriterast.

Skulle gjerne gjort seg ferdige

I Statens vegvesen viser ein også til at det er opp til politikarne å avgjere korleis pengane skal brukast, men dersom ein vil gjere noko med det som står att på Bremangersambandet er det tida for det no, meiner avdelingsdirektør Nils Magne Slinde.

– Vi meiner at det er fornuftig å byggje den siste strekninga no, dersom dei vil byggje den. For det vil koste meir å komme att seinare, seier Slinde.

(Artikkelen held fram under biletet.)

Olden - Innvik

FÅR PENGAR: Fylkesveg 60 Olden - Innvik blir opprusta, mens tre parsellar vert ståande att i Bremanger.

Foto: NRK

Ber fylket lytte til Vegvesenet

– Med dei sterke tilrådingane som er komne mellom anna frå Statens vegvesen, så tykkjer eg også fylkesrådmannen burde lytte til fagetaten.

– Men ein har venta lenge på opprusting av Olden - Innvik?

– Den kampen fortstår eg, men at ein her skal setje att tre korte strekningar på ein ny veg, det er noko folk her i området ikkje forstår. Også næringslivet som skal bruke denne vegen, seier Bremanger-ordføraren.