Hopp til innhold

Sparar 160 millionar

Kjempeinnsparing på Bremanger II opnar for nye vegprosjekt i fylket

Lofnes og Bortnen

Bortnen sett frå Hornelen. Frå Bortnen innerst i fjordarmen går vegen vidare i tunnel til Sørdal på andre sida.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Utbygginga av Bremanger II ligg an til å bli heile 160 millionar kroner rimelegare enn rekna med i fylgje Firda. Årsaka er at anboda ligg langt under venta prislapp.

- Mange store entreprenørar har bruk for jobb og det pressar prisane, seier fylkesdirektør for samferdsle Velaug Veum til avisa.

Opnar for Olden-Innvik

Med 160 millionar innspart kan det verte mogleg å setje i gong med fleire etterlengta utbetringsprosjekt, men det kan også bli dragkamp om pengane. Til rassikring i Nishammaren står det att 85 millionar i restfinansiering, sanstundes har politikarane sagt at pengar til overs skal brukast til Olden-Innvik. Desse prosjekta er nummer 1 og 2 på prioriteringslista.

Men regionvegsjefen meiner i fylgje Firda at 40 millionar bør brukast på å utbetre vegen mellom Leirgulen og Bortnen til skikkeleg standard. Den 2,2 km lange strekninga går mellom Bremanger I og II, men er berre planlagt å få ei delvis opprusting per i dag.

Vil la pengane stå på fond

Velaug Veum vil inntil vidare setje pengane på eit bufferfond. Framleis gjenstår det store anbod både på Bremangersambandet og Dalsfjordsambandet. Dermed kan vegprosjekta både bli endå rimelegare, men også dyrare, enn det ser ut til per no.