Hopp til innhold

Her har Ørjan banka inn si første Sogndal-perle på to år - men til inga nytte

(SOGNDAL - STRØMSGODSET 1-3): Det er snart to år sidan Ørjan Hopen sist scora for Sogndal. Dagens frisparkfulltreffar var einaste lyspunktet mot Strømsgodset.

Ørjan Hopen jublar for mål mot Strømsgodset

JUBEL TIL INGEN NYTTE: Ørjan Hopen fekk seg eit etterlengta mål for Sogndal. Men det vart null poeng i heimemøtet med Strømsgodset.

Foto: Snæland, Alf Vidar / NTB scanpix

– Ja, det var vel stort sett det høgdepunktet som var, konstaterer Ørjan Hopen overfor NRK.no i mixed zone etter kampen.

Sogndal fekk det som venta vanskeleg mot Strømsgodset. For trass i at dei heldt følgje med den regjerande seriemeisteren med 1-1 til pause, vart dei eit par nummer for små etter kvilen. Drammensarane hadde stort sett kontroll, og sikra seg sigeren med 1-3.

Flott frisparkscoring frå Hopen...

For Ørjan Hopen var det likevel ein aldri så liten opptur. Sist gong han noterte seg for Sogndal-scoring er nemleg så langt tilbake som i november 2012, då sogningane slo erkerivalen Brann 2-0 på Fosshaugane.

Og frisparkmålet var av det flotte slaget: Frå rett utanfor 16-meteren knalla Hopen til heilt nede i keeperhjørnet. Keeper Adam Larsen Kwarasey var etter ballen, men nådde ikkje fram.

– Eg håpar det kjem meir no. Det er jo på den måten eg best kan bidra til at vi tek poeng, seier midtbanespelaren.

Han gliser då han blir konfrontert med Twitter-meldinga si om å stille opp på stand-up i kulturhuset om han klarer sju mål denne sesongen.

– Eg har vel ikkje noko val, om eg klarer det. Men så vil eg også vere veldig nøgd om eg scorer sju mål, humrar Hopen.

... men det heldt ikkje til poeng

Hopen meiner Sogndal mange og store nok sjansar til å ta poeng mot favorittane frå Drammen, men at heimelaget fekk scoringar imot seg på verst moglege tidspunkt.

Godset fekk kampens første mål allereie etter seks minutts spel. Sogndal utlikna med Hopen sitt flotte frisparkmål berre tre minutt seinaren - men så opna bortelaget også andre omgang med scoring etter berre seks minutt.

– Det er situasjonar som eigentleg skal vere ufarlege innlegg, men som vi likevel klarer å rote til. Eg synest utanom det at vi spelar ein OK kamp, mot eit godt lag som nok vil vere med i toppen også i år, seier han.

(Artikkelen held fram under videoen)

Jonas Olsson etter kampen

TRENAREN: Sjå intervju med Sogndal-trenar Jonas Olsson etter tapet mot Strømsgodset.

– Rett og slett for pinglete

Gustav Valsvik var derimot langt ifrå nøgd med kampen. Etter at Sogndal heldt Godset til uavgjort til pause, er han skuffa over at laget ikkje held følgje etter kvilen.

– Før pause er vi fullt på høgde med dei - og kanskje betre. Men så slepp vi inn mål vi ikkje plar sleppe inn. Det blir rett og slett litt pinglete, meiner midtstopparen og legg til:

– Vi manglar jo eit par rutinerte karar der bak.

Sogndal heilt sist i eliteserien

Etter fire kampar står Sogndal no med eitt fattig poeng og elleve baklengsmål. Det betyr ein soleklar jumboplass i eliteserien.

Valsvik meiner Sogndal no må finne tilbake til det dei var gode på sist sesong.

– Vi må få i gang flyten, og aller helst score det første målet. Det er så psykisk tungt å få mål imot på ugunstige tidspunkt.

Han held fram:

– Og så skal det vere vondt å møte Sogndal. Det var det ikkje i dag.

(Artikkelen held fram under videoen)

Rune Bolseth etter kampen

BOLSETH: Sjå intervju med Rune Bolseth etter tapet mot Strømsgodset.

– Nyttar ikkje å finne fram spaden

Trenar Jonas Olsson valde å starte kampen i ein 3-5-2-formasjon med midtbaneslitaren Rune Bolseth som spiss i spann med Ulrik Flo.

«Bolli» var eit uromoment for Godset-forsvaret, men kom aldri til store sjansar.

– Det som skil oss og Strømsgodset i dag, er at dei er kvassare framfor mål. For eg synest vi spelar ein OK kamp, og vi følgjer planane våre, seier Ulrik Flo.

No ventar eit Haugesund i poengnaud på bortebane - deretter kjem Rosenborg til Fosshaugane. Det blir ikkje lett å krige til seg poeng i dei to neste kampane.

– Vi slo Haugesund i fjor, og dei er heller ikkje i veldig god form no. Så alt er mogleg. Det nyttar iallfall ikkje å finne fram spaden og byrje å grave, seier Ørjan Hopen.