Hopp til innhold

Sogndal Fotball vil ha avklart innan september kven som blir arvtakaren til Olsson

Ei arbeidsgruppe i Sogndal Fotball er i gang med prosessen som skal til for å få på plass ny trenar. Styreleiar Tor Arne Ness seier dei har som mål å ha namnet klart 1. september.

Sogndal-trenar Jonas Olsson

KVEN BLIR ARVTAKAREN: Sogndal Fotball meiner den nye trenaren må byggje vidare på det Jonas Olsson (her saman med Tommy Øren)har starta.

Foto: Bård Siem / NRK

– Vi har sett oss nokre milepelar, og vi har eit mål om å ha ny trenar på plass innan september. Vi vil jobbe med dette utover sommaren, vi opplever at Sogndal er ein attraktiv klubb, og difor meiner vi det skal vere fullt mogeleg å få oss ny trenar innan den tid.

Arbeidsgruppa skal i første omgang sette opp kva krav Sogndal Fotball skal stille til den som skal ta over når Jonas Olsson forlet saftbygda etter denne sesongen, seier Ness.

– Vi har visst sidan vi hadde reforhandlingar med Jonas Olsson i haust at han har sitt siste år her. Vi har framleis god tid på oss, men vi har sett ned ei referansegruppe internt som skal lage kravspesifikasjonar. Lengre enn det har vi ikkje kome førebels.

Men det er ein del vilkår som ligg fast i Sogndal, seier Ness.

– Vi har Fosshaugane Campus og eit tett samarbeid med m.a. Høgskulen, Idrettssenteret og Sogndal vidaregåande skule. Vi har eit støtteapparat som fungerer veldig bra og som vi ynskjer å ha med vidare.

(Artikkelen held fram under biletet)

Tor Arne Ness

HAR STARTA PROSESSEN: Styreleiar Tor Arne Ness håpar å ha avklart ny trenar innan 1. september.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

– Uproblematisk med trenar på oppseiing

Leiinga og spelarane i Sogndal Fotball har visst sidan sist haust at Jonas Olsson gir seg som trenar etter denne sesongen. Men det å ha ein trenar som sit på oppseiing i så lang tid er ikkje noko problem, seier Ness.

– Med Jonas er det heilt uproblematisk. Han er veldig lojal og målretta og jobbar som han har gjort før. Det fungerer veldig fint, og vi har tru på ein god sesong.

– Attraktiv klubb

Styreleiaren trur ikkje lønskrav skal vere til hinder for at Sogndal skal kunne sikre seg ein god og merittert trenar.

– Det finst sikkert klubbar som kan betale meir enn vi kan, men vi er attraktive ut frå heilskapen i dei ressursane som er tilgjengelege i og rundt klubben. For den rette trenaren er vi veldig attraktive.

Ness reknar med at fleire interesserte vil melde seg.

– Sist då det vart kjent at Harald Aabrekk skulle gje seg var det mange som vende seg til oss for å vise si interesse.