Hopp til innhold

Satsar stort på bringebær

Tidlegare dreiv han mest med mjølk og kjøt. No er det bringebær som gjeld, for Wald Lyslo. Det hadde han aldri trudd for ti år sidan.

Mobilbilde fra Bidra

SATSAR: Wald Lyslo i Innvik satsar meir og meir på bringebærproduksjon for kvart år som går.

Foto: Gro Ravnestad / NRK

– Tidlegare lo eg av dei som dreiv og plukka bringebær i bøtter og leverte til sylting. Det var ikkje så godt betalt. Men så byrja folk å levere til konsum og då såg eg at det kunne vere verdt å prøve.

Wald Lyslo i Innvik har sidan den gong planta stadig fleire bringebærplantar kvart år. No er han blant dei største bringebærbøndene i fylket. Samtidig har han ikkje heldt på i næringa særleg lenge.

– Læringskurva er bratt. Vi har gjort mange tabbar. Eg tippar at vi er 30 prosent utlærte, så vi har mykje å gå på enno, seier han lattermildt.

Mobilbilde fra Bidra

VISER IGJEN: Wald Lyslo har sett opp 60 plasttunnelar som vert brukte til bringebærproduksjon.

Foto: Gro Ravnestad / NRK

Bringebærfylket

Mellom 70 og 80 prosent av den nasjonale bringebærproduksjonen kjem frå Sogn og Fjordane. Wald, som produserte 82 tonn bær i fjor, har 60 plasttunnelar der bæra får vekse. Somme synest desse skjemmer landskapet.

– Eg er eining i at dei ikkje er noko vakkert syn, men ein må tenkje på at det er arbeidsplassar her som produserer produkt som folk vil ha, det gir liv i bygda. Og så brukar vi lite sprøytemiddel når vi produserer inne i telt, seier Lyslo.

Hard konkurranse

Blant dei store produsentane finn vi Sognabær som skriv på nettsidene sine at dei er den største leverandøren av ferske bringebær til den norske marknaden. Styreleiar Ola Hopperstad meiner prisane i dag er for låge til å kunne drifte med god økonomi.

Ola Hopperstad Sognabær Vangsnes

KONKURRANSE: Styreleiar i Sognabær, Ola Hopperstad, meiner prisane på bringebær må opp.

Foto: Silje Bråstad / NRK

– Utgiftene til lønningar og drift aukar stadig, mens prisane på bær står i ro, seier han.

Hopperstad meiner det er vanskeleg å konkurrere med utanlandske produsentar

– I Portugal får dei betre betalt for bæra og samtidig har dei lønningar på kring 50 kr i timen. Det kan vi jo ikkje matche, seier han.

Vil satse vidare

Wald Lyslo ser ikkje så mørkt på framtida og seier han vil fortsette å bygge ut produksjonen.

– Vi kjem til å fortsette å satse på bringebær så lenge prisar og sal held seg slik dei er i dag, seier han.