Hopp til innhold

Saftkokaradn hyller Bakke-signering

– Ei kjempesignering. Ein førjulspresang. No trur eg vi går ein flott sesong i møte i eliteserien neste år.

Saftkokaradn

HAR VENTA: Gjennom tre sesongar har Saftkokaradn ropa på Eirik Bakke.

Foto: Sander Heggheim/NRK

Det seier Geir Frode Lunden, leiar i supportarklubben Saftkokaradn etter at Eirik Bakke (33) igjen trekte Sogndal si kvite nummer 9-drakt over hovudet.

Video Eirik Bakke til Sogndal

Bygda, klubben og supportarane

På ein pressekonferanse på Fosshaugane Campus tysdag ettermiddag vart Brann-spelaren presentert som Sogndal-spelar. Bakke som i 1999 gjekk frå Sogndal til Leeds for rekordstore 45 millionar kroner, har signert ein treårsavtale med moderklubben.

– Eg tykkjer det er heilt fantastisk av Sogndal Fotball å få heimatt Eirik Bakke. Det er kjempeflott reklame for byda, klubben og supportarane, og ikkje minst oss i Saftkokaradn, seier Lunden.

Artikkelen held fram.

Eirik Bakke og Gunnar Solbakken (MMS-foto)

SIGNERTE: Eirik Bakke vart presentert som Sogndal-spelar klokka 13 tysdag ettermiddag.

Foto: Arve Uglum / NRK

– Ein sindig kamerat som framleis snakkar dialekt

Han gler seg spesielt over at Bakke får att si gamle nr. 9-drakt, som også faren Svein Bakke hadde då han spelte for Sogndal.

– Vi i Saftkokaradn har stått med skilt med påskrifta «Eirik kom heim» heilt sidan 2008. Eirik veit dette sjølv, og han har god kontakt med oss i supportarklubben.

Og for leiaren i Saftkokaradn er det ikkje berre ei fotballstjerne som vender heim.

– Personleg kjenner eg Eirik Bakke veldig godt. Eg hadde han også som klassekamerat og lagkamerat på fotballbana. Eg kjenner Eirik som ein sindig kar med flott personlegdom. Han snakkar dialekt som han alltid har gjort, seier Lunden.

Håpar Bakke kan lokke unge talent

– Kva kan Bakke bidra med?

– Først og fremst er han ein kjempegod fotballspelar på sitt aller beste. Eirik vil tilføre klubben masse rutine, mykje erfaring. Han har som alle veit spelt i England for Leeds og Aston Villa, og han har vore i Bergen og Brann, seier sjefskokaren.

Han vedgår rett nok at opphaldet i Brann kanskje ikkje har vore like populært hos alle Sogndal-supportarar.

Artikkelen held fram.

Sogndal sin opprykksfest

OPPRYKKSFESTEN: Jubel stod i taket då Sogndal hadde sikra opprykket til eliteserien sist onsdag.

Foto: Tor Yttri

Lunden trur Bakke-signeringa kan lokke fleire talentfulle unge spelarar inn på Fosshaugane Campus.

– Vi er utruleg glade for måten Sogndal no jobbar på, med at dei har ein fin miks mellom rutinerte og erfarne fotballspelarar i til dømes Espen Olsen og Eirik Bakke, og dei unge. Dette kan vere med på å få inn ein ny entusiasme i klubben. Og vi har Harald Aabrekk som ein fantastisk trenar og motivator i treningsarbeidet og kampleiing. Så totalt sett er det ein liten førjulspresang, vil eg påstå.

– Hent Azar heim frå Tyrkia!

– Kven er nestemann på ønskjelista?

– På forumet vårt diskuterer vi mange nye spelarar. Blant anna Azar Karadas. Han slit med å få speletid i Tyrkia. Dei får fly ned og hente han heim til fylket. Det hadde vore noko, seier Lundne drøymande.

Artikkelen held fram.

Azar Karadas

ØNSKT AV SUPPORTARANE: Leiaren for Saftkokaradn ser gjerne at Azar Karadas finn vegen til Sogndal.

Foto: Inger Åse Skage / NRK

Men i dag er det berre eitt namn som gjeld i Sogndal-miljøet:

– I dag trur eg alle Sogndal-supporterar går rundt og smiler, både på butikkar, arbeidsplassar og studiestader, seier leiaren i supportarklubben Saftkokaradn.