Hopp til innhold

Har slite benken i snart eitt år

Medan det norske landslaget opplever ein ny vår under Egil «Drillo» Olsen, har det snart gått eit år utan at Azar Karadas har spelt førstelagsfotball.

Branns Azar Karadas runder Lyns Paul Obifuele

LENGE SIDAN: Det er nesten eitt år sidan Azar Karadas spelte ein seriekamp. No satsar han på å spele seg inn på laget før jul.

Foto: Hommedal, Marit / SCANPIX

- Eg fekk mykje speletid under trenaren og apparatet som henta meg til klubben. Så kom det ein ny trenar, og det har gjort det vanskelegare for meg, seier Azar Karadas.

- Det er klart det har vore veldig tøft, vedgår han.

- Er ikkje med i planane til trenaren

Nordfjordingen forlet på seinsommaren i fjor Brann til fordel for tyrkiske Kasimpasa. Der hadde den tidlegare Benfica- og Portsmouth-proffen planar om å oppleve ny suksess i utlandet.

Men etter ein god start på opphaldet, valde Kasimpasa å hente ein ny trenar - og dermed hamna Karadas ute i kulden:

- Den nye trenaren hadde spelarar han ville bruke, og eg var ikkje med i planane hans. Det har gjort det vanskeleg for meg, seier 29-åringen.

- Det er ein tøff kvardag

Karadas er for tida ein tur heime i Norge, før han skal tilbake til Tyrkia på ein treningsleir. Då håpar han å få spelt nokre treningskampar, slik at han kan vise seg fram for trenaren.

Sist han spelte ein offisiell førstelagskamp var så langt tilbake som 8. november 2009. Då starta han kampen for Kasimpasa i 2-2-oppgjeret mot Ankaragücü, men vart teken av bana i andre omgang.

- Det er klart det er ein tøff kvardag, men ein kjem lengst med å vere profesjonell og trene knallhardt. Gjer ein jobben sin eitt hundre prosent, vil det løne seg i lengda, meiner Karadas.

Trur han er langt unna plass på laget

Azar Karadas

JUBELEN STILNA: - Det har vore veldig tøft, vedgår Karadas. Her jublar han under tida i Brann.

Foto: Hommedal, Marit / SCANPIX

Med Egil «Drillo» Olsen ved roret på det norske landslaget, har Norge fått eit oppsving medan Azar Karadas har vore heilt ute av diskusjonen om ein landslagsplass.

No har nordfjordingen førebels nok med å kapre ein plass på laget.

- Med denne trenaren trur eg det er vanskeleg å få plass på laget. Men ein veit aldri. Plutseleg får ein moglegheiten, og då må ein ta vare på den. Det er det eg jobbar for, seier Karadas og avviser at han er i konflikt med trenaren.

Har ingen planar om å gje opp kampen

I sommar hadde han fleire tilbod frå norske klubbar, men valde å halde fram i Tyrkia. Der har han to år igjen av kontrakten. Men han er lei av benketilvêret, og håpar å ha spelt seg inn på laget til jul.

- Kor lenge blir du i klubben?

- Det er vanskeleg å seie kor lenge ein toler å sitje på benken. Ein ønskjer jo å spele fotball, og ting kan endre seg fort i fotball. Samstundes trivst eg i Istanbul, og vil prøve å spele meg inn på laget, seier Karadas.

- Du har vore eitt år på benken - og så vil du vere der i to år til...

- Ja, det høyrest vel rart ut. Det har vore veldig tøft til no, men eg går på trening og er profesjonell. Så håpar eg at det snur seg, seier Azar Karadas.