Hopp til innhold

Så mykje har politiet brukt på bilreparasjonar til no i år

Sogn og Fjordane politidistrikt har brukt i overkant av ein million kroner på bilreparasjonar til no i 2015. Men framleis har dei pengar att i potten.

Politibilar i Sogn

VRAKA: Denne politibilen i Sogn måtte vrakast på grunn av kraftig rustangrep.

Foto: Stine Kyrkjebø Johansen / NRK

– Vi har hatt eit år der vi har hatt fleire ulykker med politibilar. Mellom anna har vi hatt eit par hjortepåkøyrsler, seier administrasjonssjef i Sogn og Fjordane politidistrikt, Trond Arne Aglen.

Karosseriskadar vert det raskt pengar av, og den eine hjortepåkøyrsla kosta nær 150.000 kroner.

– Totalt har vi brukt 400.000 kroner på reine skadar. I tillegg har vi i rein service- og vedlikehald brukt vel 750.000 kroner, seier Aglen.

Pengane rullar fort på verkstad

Sjølv om ein kunne kjøpt ein ny uniformert politibil for den summen, understrekar Aglen at det ikkje er ein spesielt stor sum.

– Når ein tenkjer på at vi har over 50 køyretøy, så er ikkje det mykje, samanlikna med eit anna år, seier Aglen.

Trond Arne Aglen

IKKJE MYKJE: Administrasjonssjef i Sogn og Fjordane politidistrikt, Trond Arne Aglen, seier politiet ikkje har brukt opp potten til reparasjon og vedlikehald av politibilar i 2015.

Foto: Hans-Olav Landsverk / NRK

Men han innrømmer at pengane rullar fort når bilane må på verkstad, uansett årsak.

– Vi set av pengar til dette føremålet frå år til år. Når vi er på vegen så mykje som vi er, så kjem kostnadane, seier Aglen.

Hyppigare utskifting ville fått ned kostnadane

NRK har dei siste vekene sett søkjelys på korleis det står til med bilparken til politiet i Sogn og Fjordane. Vel halvparten av bilane nærmar seg ti år, mange av dei er utrangerte. I sommar vart to bilar avskilta fordi dei ikkje passerte teknisk kontroll.

I Selje var lensmannen utan utrykkingskøyretøy, men han fekk denne veka uniformert bil.

Aglen ser det som sannsynleg at hyppigare utskifting av politibilane ville fått ned kostnadane til vedlikehald og reparasjon.

Rusta hjulboge

SKADAR: Denne bilen vart vraka etter at den ikkje passerte teknisk kontroll på grunn av rust.

Foto: Stine Kyrkjebø Johansen / NRK

– Eg skulle gjerne hatt rammer som tillèt at vi kunne skifta bilar hyppigare. Det skjer også utvikling i bilparken som gjer at vi ønskjer å skifte oftare. Men enn så lenge må vi balansere bruken av pengar på all drift, seier Aglen.

Hordaland-verkstad kan gje positive konsekvensar

Hordaland politidistrikt har alltid hatt eigen verkstad for polititenestebilar, også frå den tida stasjonen heitte Bergen politikammer. Når Hordaland politidistrikt og Sogn og Fjordane politidistrikt vert ihopslegne frå nyttår, ser ikkje Aglen bort frå at det kan få positive ringverknadar som vil gje lågare kostnadar på reparasjon og vedlikehald.

-- Vi driv og ser på det no. Det at dei har eigen verkstad vil også kunne komme oss til gode, seier Aglen.

Men han understrekar at det slett ikkje er sikkert at det alltid vil lønne seg å frakte ein politibil frå ein utkant i Sogn og Fjordane til Bergen for reparasjon.

Han får støtte av politioverbetjent og leiar for seksjon for operativ logistikk ved Hordaland politidistrikt, Svein Helland.

– Ein må nok vurdere einskildtilfelle kvar for seg for å sjå om det er pengar å spare, seier Helland.