– Vi trudde saksbehandlinga var reell. Det var den aldri. Eg er rysta og vi er haldne for narr, seier Lars Haltbrekken til Bergens Tidende.
Kraftlina gjennom Sørdalen har vore svært omstridd. NVE og Statnett tilrådde opphavleg at kraftlina skulle gå gjennom Førdedalen. Men Olje- og energidepartementet avgjorde mot slutten av 2011 at kraftlinja skulle gå gjennom naturreservatet og Myklebustdalen.
- LES OGSÅ:
Gjekk til sak mot staten
Fylkesmannen avslo dispensasjonen frå verneforskriftene for å legge linja gjennom Myklebustdalen. Då klaga Statnett avgjerda inn for Miljøverndepartementet som tok klagen til følgje og gav dispensasjon – med grunngjeving å sikre straumforsyninga til Midt-Norge så snart råd er.
Grunneigarane i Myklebustdalen i Bremanger gjekk til sak mot Statnett og Miljøverndepartementet for å stogga bygging av kraftlinja. Dei tapte i Oslo tingrett tidlegare i år og måtte betale 165.000 i sakskostnader til Statnett og departementet.
- LES OGSÅ:
– Dei hadde allereie gitt samtykke
Lars Haltbrekken i Naturvernforbundet reagerer på eit skriv frå regjeringsadvokaten der det står at den politiske leiinga i Miljødepartementet allereie i 2011 sa ja til å føre kraftlinja gjennom naturreservatet.
– Dette betyr at heile saksbehandlinga var fiktiv. Vi trudde den var reell og la ned mykje arbeid i den. Men Miljødepartementet hadde allereie på førehand gitt sitt samtykke til å føre kraftlinja gjennom området, seier han til Bergens Tidende.
Tidlegare miljøvernminister Bård Vegard Solhjell som tok den endelege avgjerda, seier til BT at han gjorde ei reell vurdering av anken og konkluderte med det trasevalet som no er vedteke.
- LES OGSÅ: