Arbeidet i naturreservatet i Sørdalen i Bremanger vert stansa fram til våren

Statnett har stansa sitt arbeid i naturreservatet i Sørdalen i Bremanger fram til våren. Det er etter planen, ifylgje Statnett. Vi vil stå på vårt krav i neste rettsmøte, seier grunneigarane.

Kraftlina gjennom Sørdalen barskogreservat i Bremanger.

SØRDALEN: Kraftlina skal etter planen gå gjennom Sørdalen barskogreservat.

Foto: Fylkesmannen

Kraftlina gjennom Sørdalen har vore svært omstridd. NVE og Statnett tilrådde opphavleg at kraftlina skulle gå gjennom Førdedalen. Men Olje- og energidepartementet avgjorde mot slutten av 2011 at kraftlina skulle gå gjennom naturreservatet og Myklebustdalen. Statnett har allereie starta arbeidet, men no er aktiviteten inne i naturreservatet stansa.

– Dette er etter planen. Årsaka til at vi ikkje går lenger gjennom Sørdalen no, er at vi ikkje har tilgang til mastepunkta. Vi må rive eksisterande 66-kilovolts leidning som går gjennom området før vi kan fortsette, seier kommunikasjonssjef for region midt i Statnett, Martha Hagerup Nilson.

Det vert gjort arbeid andre stader langs traséen, opplyser Nilson.

– Vi vil fortsette på traséen gjennom Myklebustdalen og arbeide med transformatorstasjontomta i Ålfoten.

Arbeidet i Sørdalen er planlagd å fortsette til våren.

– Når vi har fått ferdig kabelen langs fylkesvegen som kryssar Sørdalen, kan vi starte med arbeidet med å bygge vidare. Vi er blitt fortalde at kabelen vil vere ferdig i løpet av våren 2014, seier Nilson.

– Grunneigarane har fått informasjon om våre planar i området, og der skriv vi at det ikkje vil bli gjort meir arbeid i Sørdalen fordi vi ikkje har tilgang til fleire mastepunkt, seier kommunikasjonssjefen.

Les meir om utviklinga i saka her:

(Artikkelen held fram under biletet)

Martha Hagerup Nilson

HELD FRAM: Kommunikasjonssjef i Statnett, Martha Hagerup Nilson, seier at Statnett vil fortsetje arbeidet til våren.

Foto: Statnett

- Vi vil oppretthalde våre krav

Eit rettsmøte som skulle vore i går vart utsett fordi meir arbeid i naturreservatet uansett ikkje skal gjerast før neste rettsmøte. Neste rettsmøte er 17. og 18. desember, og då er det grunneigarane si sak mot Miljøverndepartementet som skal behandlast. Grunneigarane vil då igjen krevje stans i arbeidet.

– Vi vil stå fast på våre krav om at arbeidet vert stansa inntil saka har gått gjennom rettssystemet. Vi vil jobbe for ei mellombels rettsavgjerd om stans i arbeidet, slik at det heller ikkje kan fortsette til våren, seier grunneigar Brynjar Myklebust.

At arbeid vert gjort andre stader i Myklebustdalen og Ålfoten er grunneigarane ikkje glade for.

– Det er svært frustrerande. Aller helst skulle vi sett at all aktivitet i området vart stansa, men det er ikkje noko vi kan gjere no, seier Myklebust.

(Artikkelen held fram under biletet)

Brynjar Myklebust

FRUSTRERT GRUNNEIGAR: Brynjar Myklebust skulle ynskje arbeidet i heile området vart stansa medan saka er i rettssystemet.

Foto: Vidar Gudvangen / NRK

Kommunikasjonssjef Martha Hagerup Nilson seier at Statnett har retten på si side i å fortsetje arbeidet.

– Fjordane tingrett avgjorde i september at vi kan fortsetje arbeidet i traséen. Ut over det har vi ingen ytterlegare kommentarar, seier ho.

Grunneigarane meiner det er noko feil med systemet.

– Ein føler seg rett og slett rettslaus. Det burde vore automatikk i at alt arbeid vert stansa til saka er ferdig behandla i rettssystemet. Dess meir arbeid som vert gjort no, dess verre vil det vere å vinne fram og reversere den planlagde traséen for kraftlina, seier Brynjar Myklebust.