Grunneigarar tapte på alle punkt

Grunneigarane i Myklebustdalen i Bremanger tapte rettssaka mot Statnett og Miljøverndepartementet for å få stogga bygging av den omstridde kraftlina gjennom dalen.

Kraftlina gjennom Sørdalen barskogreservat i Bremanger.

OMSTRIDD LINJE: Oslo tingrett har avgjort at grunneigarane i Myklebustdalen i Bremanger sitt krav om arbeidsstogg på kraftlinja, ikkje skal takast til følgje.

Foto: Fylkesmannen

I dommen frå Oslo tingrett heiter det at kravet om arbeidsstogg ikkje blir teke til følgje. Oslo tingrett er i sin dom tydelege på at når ein veg grunneigarane og staten sine interesser mot kvarandre, så er det staten som går sigrande ut av duellen.

Kraftlina gjennom Sørdalen har vore svært omstridd. NVE og Statnett tilrådde opphavleg at kraftlina skulle gå gjennom Førdedalen. Men Olje- og energidepartementet avgjorde mot slutten av 2011 at kraftlina skulle gå gjennom naturreservatet og Myklebustdalen.

Miljøverndepartementet og Statnett har vunne si sak fullstendig, og blir tilkjent sakskostnader på 165 tusen kroner.

I alt tolv grunneigarar tok så ut stevning mot departementet og Statnett for å få retten til å slå fast av Miljøverndepartemntet si avgjerd var ugyldig, og at arbeidet med lina vart stogga.

Fylkesmannen har tidlegare avslått dispensasjon frå verneforskriftene for å legge linja gjennom Myklebustdalen. Då klaga Statnett avgjerda inn for Miljøverndepartementet som tok klagen til følgje og gav dispensasjon - med grunngjeving å sikre stsraumforsyninga til Midt-Norge så snart råd er.

Ikkje aktuelt å flytte linja

Og det å sikre straumforsyninga i Midt-Noreg har heile tida vore eit av Statkraft sine viktigaste argument i saka. Grunneigarane har på si side hevda at det ikkje er eit problem. I dommen går det fram at Oslo tingrett støttar Statkraft, og skriv at det ikkje er nokon tvil om behovet for auka straumforsyning i området.

Retten skriv også at Miljøverndepartementet si drøfting kring flytting av linja til Førdedalen er forsvarleg og tilfredsstillande. Dei støttar dermed staten sitt argument om at det ikkje er aktuelt å flytte linja dit på grunn av forseinkinga dette ville føre til. Dermed kan ikkje retten sjå at det er gjort nokon saksbehandlingsfeil frå Miljøverndepartementet si side.

Retten legg i dommen ikkje vekt på grunneigarane sine interesser knytt til hjortejakt og sal av tomter til hyttebygging. Dommen peikar også på at grunneigarane fekk erstatning då naturreservatet i Sørdalen vart oppretta i 1999.

Partane har ein månads frist på seg til å anke saka vidare til Lagmannsretten.