– Ver varsam og ikkje ta sjansar i fjellet

Vêret det kommande døgnet er ikkje noko påsketuristane bør leike seg med. – Hald dykk inne på hytta, eller heime, er oppmodinga frå Sogn og Fjordane Røde Kors.

Klar for utrykning i påskefjellet

ÅTVARAR: Det er meldt om kraftig vind i fjellet. Røde Kors åtvarar mot å legge ut på tur.

Foto: Magnar Hellebust

Påska starta bra i Sør-Norge, men for det neste døgnet har Meteorologisk institutt sendt ut Obs-varsel for Vestlandet.

– Fjellet endrar seg raskt på kort tid. Det er meldt sørleg sterk kuling utsette stader, men vindstyrken kan komme opp i storm. Då er det ikkje tilrådeleg å leggje ut i fjellet, seier Kjetil Høidal i Sogn og Fjordane Røde Kors.

Merkar vinden godt

Røde Kors har på landsbasis opplevd ein kraftig auke i tal oppdrag. Det har dei også i Sogn og Fjordane, med fleire skadar i alpinanlegg og ein del henteoppdrag i fjellheimen for AMK.

Så langt er det ikkje registrert alvorleg skade, men det kan endre seg raskt om ikkje påsketuristane er varsame.

– Vi har fleire medlemer, spesielt i indre delar av fylket, som allereie merkar vinden godt, seier Høidal og legg til at det ikkje berre er kraftig vind og dårleg sikt som er faren.

Auka skredfare

– No er skredfaren på varsom.no på nivå 2, men det kan endre seg fort når vinden får flytta på snøen, seier Høidal.

Røde Kors Hjelpekorps er i beredskap gjennom påska, men kring 50 personar på vakt. Dei er budde på at behovet kan bli større, med det vêret som er venta.

– Folk må tenkje seg om både ein og to gonger før dei går ut i fjellet. Vårt beste råd er å halde seg inne på hytta, eller heime, seier han.

Bra med nedbør

Anders Sivle

ÅTVARAR: Statsmeteorolog Anders Sivle åtvarar påsketuristane å leggje ut i fjellet det neste døgnet.

Foto: Marit Hommedal

Vinden er venta å halde seg til godt ut på søndagen. Nedbøren byrjar allereie i ettermiddag å ta seg opp.

Statsmeteorolog Anders Sivle ved Vêrvarslinga på Vestlandet deler oppmodinga frå Høidal.

– Folk må absolutt tenkje seg om. Det kan gi auka skredfare og det kan bli tungt å gå mot vinden, og kanskje redusert sikt, seier han.

Vurder tidleg heimreise

Nedbøren er venta å komme som snø over 800–1 000 meters høgde.

– Vinden i seg sjølv, pluss nedbøren som er venta utover ettermiddagen kan bety vanskelege køyreforhold, legg Sivle til.

Høidal vil strekkje seg så langt som å oppmode folk om å vurdere retur frå påskefjellet allereie søndag ettermiddag.

– Då blir det ein liten pause i vinden, før det tek til att måndag. Skal ein ned att frå hytta, så er morgondagen eit mogeleg vindauge ein kan nytte, seier han.

Regjeringa vil ha større konkurranse i landbruket, men bøndene på Vestlandet er skeptiske.
Atle Steinar Solheim vart overraska med nyheita om at han er ein av fem nominerte
Over 80 barn var samla på Jølstraholmen for å tjuvstarte adventstida med pynting av pepperkakehus.