Hopp til innhold

«Ein skulle pine ungane, og banke dei med ei risbusk»

Medan ski, snø, fjell, egg, sjokolade og krim er det mange tenkjer på når det er snakk om påske i dag. Var historia ei ganske annan for vel hundre år sidan. Spesielt på langfredag.

Hun tok ungen og la han på søpledyngen og piska'n med et dugelig bjørkeris

«Hun tok ungen og la han på søpledyngen og piska'n med et dugelig bjørkeris». Langfredag måtte born som vaksne til pers. Alle skulle kjenne på Jesus si smerte. Skisse av Hans Gude frå 1879.

Foto: Jeanette Veiby / Nasjonalmuseet

– Det kunne vere ei kjekk oppgåve å rise, for då kunne ein hemne seg på nokon som ein til vanleg ikkje kunne hemne seg på. Det skulle helst skje om morgonen før dei vakna, og vi har fleire historier som går på rising av både ungar og vaksne, seier Gunnhild Systad, folklorist og avdelingsdirektør ved Sunnfjord Folkemuseum.

Han kledde seg naken til belte, så måtte tenestejenta eller einkvan annan rise han.

Folkeminne frå Mundal i Sogn

Langfredag er den dagen Jesus døydde på krossen, og denne lidinga skulle også folk

Gunnhild Systad ved SUnnfjord folkemuseum

TRADISJONAR: I heile landet finst det døme på sjølvpiningstradisjonar knytt til påska og langfredag. – Ein skulle merke påska på kroppen før. Det tunge innhaldet i høgtida er nok fråverande no, meiner Gunnhild Systad ved Sunnfjord Folkemuseum.

Foto: Eva Marie Felde

sjølve kjenne på kroppen. Dagen har ei særstilling i norsk merkedagstradisjon, og vart sett på som den mest heilage dagen i året. Framleis er det ein av få dagar her i landet der det til dømes er reklamefrie radio- og TV-sendingar.

For hundre år sidan og i tidlegare tider kledde ein seg i sørgjeklede, firte flagget på halv stong og husandakt var gjerne lenger enn vanleg og gjennomført på fastande mage.

Gunnhild Systad ved Sunnfjord Folkemuseum fortel nokre av historiene om sjølvpining frå Sogn og Fjordane.

Skulle gjere det verste arbeidet

– Nesten alt folk gjorde seg denne dagen skulle minne om Kristus si lidingshistorie. Det skulle syne at ein var villegg til å ta dl i den både andeleg og fysisk, fortel Ørnulf Hodne.

Ein skulle piske ungane, banke dei med ei risbuske før dei kom frå senga langfredagsmorgon, for å minnast frelsar si liding. Ungane har godt av ei slik påminning, taut ho bestemor.

Folkeminne frå Brekke i Sogn, fortal av mann fødd i 1898

Folkeminnegranskaren er truleg den i landet som har best oversikt over tradisjonar knytt til påska. Tradisjonane knytt til sjølvpining og lidingshistorier på langfredag finn ein i heile landet.

Selvpining på langfredag

EKSTREMT: I katolske land er sjølvpining på langfredag framleis utbreitt.

Foto: Noel Celis/AFP

– Nedvask av stølen, ta ned dei største trea i skogen og spa ut møka frå bingane var noko av det som kunne gjerast, fortel Systad.

På ein så heilag dag var det i grunn forbode å arbeide, men sidan pinsla også skulle kjennast på kroppen, så gjorde folk unntak frå lovane. Var ikkje arbeidet vondt nok, så sytte folk for å pålegge seg meir smerte.

– I ekstreme tilfelle så forsterka ein den fysiske anstrengelsen med å ha sand i skoa. Ein skulle verkeleg gjere det ein syns var plagsamt, seier Hodne, som har gjeve ut bok om påsketradisjonar basert på norske folkeminner.

Ørnulf Hodne

PÅSKEEKSPERT: Ørnulf Hodne har samla påskeminner frå heile landet og gjeve det ut som bok. – Det er mange merkelege skikkar knytt til langfredag, seier han.

Foto: Pressebilde/UiO

Sjølvpininga og lidingane skulle prege alt

Heller ikkje dyra slapp unna bjørkeriset, så langfredagsmorgon starta gjerne med ris i båsen av både storfe og småfe. Skikkane knytt til sjølvpining har truleg samanheng med tidlegare katolske skikkar der strenge botsprøvingar var ein sentral del. I dei norske heimane, også fram på 1900-talet var langfredag ein dag der også maten skulle vere sparsam.

– Det var omstendeleg og tungt, og maten skulle vere lite velsmakande. Den skulle vere så tarveleg og ring som berre mogleg, seier Hodne.

Folk har fortalt om graut som dei tilsette sildesmak, blodpølse, risvelling og maltkake eller oske til frukost.

– Det smakte nok ikkje noko særleg. Vi veit ikkje kor mange som praktiserte alle desse skikkane, men folkeminna og forskinga har synt at det var utbreitt, seier Hodne.