– Ikkje legg ut på lengre turar enn det hunden er trent for. Dei må ha god nok fysisk kondisjon for å klare ein lang fjelltur, fortel hundeførar Helene Sæterdal.
Ho er ofte på lange turar saman med redningshunden Nox. Den seks år gamle labradoren skal rykkje ut i påska dersom folk er meldt sakna etter snøskred.
Turistforeininga har fjellvettreglar for tobeinte i påskefjellet, medan Mattilsynet har det same for firbeinte. Sæterdal oppmodar alle hundeeigarar til å nytte seg av råda frå Mattilsynet.
– Det er viktig å følgje råda for at hundane skal ha det best mogleg på tur.
Ti fjellvettregler for firbeinte
1. Vis respekt for sola
UV-stråling og sterk sol kan føre til at hunden blir snøblind, noko som gjer at det renn frå raude og irriterte auge.
2. Hunden kan bli solbrent
På fjellet er sola sterk, så dekk til huda eller bruk solkrem. Hundar kan verte solbrente og få raude merker eller store blemmer.
3. Pass på såre potar
Husk å sjekke potane ofte. Ver påpasseleg med stell og pleie av potar og klør. Ved sår kan det vere lurt med potesokkar.
– Det beste er at ein går utan stålkantar på skia, då det er fort gjort å treffe labbane til hunden i stor fart, oppmodar Sæterdal.
4. Bruk rett utstyr
Tilpass utstyr etter hund og behov, for å unngå skade og gnagsår.
5. Legg ikkje ut på langtur utan trent hund
Tilpass trening og fart etter kor trent hunden er.
– Ikkje legg ut på lengre turar enn hunden er trent for, meiner Sæterdalen.
6. Ver rusta mot uhell
Ha med enkelt førstehjelpsutstyr som bandasje og potesalve.
7. Pass på frostskadar
Hundar er utsette for frostskadar. Særleg område som øyre og kjønnsorgan må passast ekstra på.
8. Pass godt på kvalpen i kulda
Ikkje alle hunderasar toler like godt kulde. Ta omsyn til unge hundar, då kvalpar ikkje har same evne til å regulere kroppstemperaturen som vaksne hundar.
– Hundar med mykje pels toler kulda betre enn hundar med mindre pels. Tynnhåra hundar kan gjerne bruke dress, seier Sæterdal.
9. Hugs ekstra fôr og drikke
Ved aktivitet og kulde, brukar hunden meir energi. Ta omsyn til dette når du gjev hunden fôr.
– Drikke er viktig. Ha med ei drikkeflaske med vatn på tur, sånn at hunden får i seg nok væske, fortel Sæterdal.
10. Ikkje gje hunden sjokolade
Hundar toler ikkje stoffet teobromin som finst i sjokolade. Sjølv små mengder sjokolade kan føre til uregelmessig puls, og i verste fall føre til forgifting.
- Les også: