Det er Høyanger kommune sjølv som melder at Solveig Berstad Sande går over i ei anna stilling i kommunen.
Rektoren orienterte tysdag rådmannen om at ho ynskjer å fråtre stillinga.
- LES OGSÅ:
– Etter ein lang periode med mykje støy og uro, samstundes med at helsa har svikta litt, finn eg at tida no er inne til å be om avløysing, seier Berstad i pressemeldinga.
– Har forståing
Som første kommune i landet
, trass i at dei visste at det gjekk føre seg alvorleg mobbing ved skulen. Kommunen .Bakgrunnen for bota var at foreldrene til to elevar ved Høyanger skule melde kommunen til politiet på grunn av
. Kommunen har i ettertid og vedgått at dei gjorde feil.- LES OGSÅ:
– Eg har forståing for den avgjerda som Solveig har tatt, at ho kanskje ynskjer seg over i ei anna stilling. Då vi snakka om dette på tysdag, så valde eg å respondere positivt på hennar førespurnad, seier rådmann Arve Varden til NRK.no.
– Tung avgjerd
Berstad Sande seier i pressemeldinga at ho har trivast godt i jobben som rektor, og at ho har gledd seg til kvar dag i meir enn 18 år. Ho seier at det er med tungt hjarte at ho har teke avgjerda.
– Eg er stolt over å ha delteke i utviklinga av Høyanger skule med gode læringsresultat, rike kulturopplevingar for elevar og lokalsamfunn og med ei positiv utvikling av læringsmiljøet ved skulen, seier ho.
– Eg er oppteken av at det store og viktige utviklingsarbeidet ved Høyanger skule kan halde fram, og har ingen vanskar med at andre tek over dette arbeidet, seier Sande. Eg ynskjer berre det beste for Høyanger skule, elevane og dei tilsette, og min person kjem i denne samanhengen i andre rekke, seier Berstad Sande.
Blir spesialrådgjevar
Med verknad frå 1. august blir oppvekstsjef Bjørn Hjelmeland konstituert som ny rektor ved skulen. Samstundes blir også pedagogisk konsulent ved oppvekstkontoret, Bjørn Berge, konstituert som rektor ved Kyrkjebø skule.
Begge rektorstillingane blir lyst ut til hausten.
– Solveig Berstad Sande blir ny spesialrådgjevar ved tenesteområdet oppvekst. Det er ei rådgjevarstilling som vi har som rapporterer til oppvekstsjefen, og jobbar med pedagogiske spørsmål opp mot skular og barnehagar i kommunen, seier Varden til NRK.no.