Hopp til innhold

Elevane i mobbesaka i Høyanger skal igjen gå på same skule

Dei to elevane som har blitt utsette for alvorleg mobbing ved Høyanger skule, må til hausten møte ein av elevane som mobba dei igjen. Då startar dei på same ungdomsskule.

Høyanger skule

MOBBESAK: Dei to elevane skal ha blitt utsette for alvorleg mobbing på Høyanger skule. Då vart ein av elevane som stod bak flytta til ein annan skule. No møtast dei tre igjen på ungdomsskulen.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Over fleire år vart to elevar ved Høyanger barneskule utsette for alvorleg mobbing av medelevar. Ein av mobbarane vart flytta til ein annan skule, men til hausten skal dei igjen bli medelevar.

I Høyanger kommune seier oppvekstsjef Bjørn Hjelmeland at dei har arbeidd lenge for å få til ein så god skulestart som mogleg.

– Det er klart vi har tenkt spesielt i forhold til at vi har hatt ei sak som no blir definert som ei mobbesak, seier oppvekstsjefen til NRK.no.

Fysisk mobbing over tid

I august skal elevar frå tre barneskular i Høyanger samlast og ta til i åttandeklasse på ein felles ungdomsskule.

I kullet går to elevar som gjennom fleire år mellom anna skal ha blitt sparka, stukke med blyantar og truga med kniv av fleire medelevar.

Den eine som stod bak mobbinga vart flytta til ein annan skule, men frå hausten av vil dei altså bli gåande i parallellklasse på ungdomsskulen i kommunen.

Kommunen fekk 100.000 i bot

Mobbinga har blitt politimeld av begge familiane, då dei meinte elevane ikkje hadde fått tilstrekkeleg oppfølging for det dei skildra som langvarig og fysisk mobbing.

Tidlegare i mai vart det kjent at Høyanger som den første kommunen i landet får ei bot på 100.000 kroner for å ikkje ha gripe inn, trass i at dei visste at det gjekk føre seg alvorleg mobbing ved Høyanger skule.

Rådmann Arve Varden beklaga då overfor elevane og familiane, og lova at kommunen tok saka på alvor.

Prøvar leggje til rette

Til hausten skal altså dei to elevane som vart utsette for mobbing, og eleven som stod bak, gå på same skule igjen.

Høyanger kommune arrangerer no felles aktivitetar for å leggje til rette for ein god skulestart for alle, seier oppvekstsjef Bjørn Hjelmeland.

– Vi vil at dei skal bli kjente med kvarandre og at dei skal byggje relasjonar med tanke på at dei skal inn i nye klassemiljø, og at nye elevar blir kjente med kvarandre, seier han til NRK.no.

Vi er opptekne av å ta vare på alle elevane

Dei involverte elevane skal gå i kvar si klasse, og familiane det gjeld har blitt orienterte om arbeidet langs med, seier Hjelmeland.

NRK har vore i kontakt med advokaten til den eine familien, men dei ønskjer ikkje kommentere saka. Hjelmeland trur tiltaka kan verke førebyggande, og seier det er opp til den enkelte om dei vil vere med på aktivitetane som kommunen arrangerer.

– Elevar og foreldre har gjort sine val om dei vil delta eller ikkje. Vi er opptekne av å ta vare på alle elvane, det skulle berre mangle, seier han.