Hopp til innhold

Vedtar mobbebot på 100 000 kroner

Høyanger kommune legg seg flate og vedtar ei bot på 100 000 kroner for å ikkje ha gjort nok for å hindre mobbing ved Høyanger skule.

Høyanger skule (bygning frå 1932).

ALVORLEG MOBBING: Høyanger kommune vedtar bota frå Politimesteren i Sogn og Fjordane fordi dei ikkje gjorde nok for å hindre mobbing med Høyanger skule.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

– Kommunen ønskjer å gå vidare og ha eit positivt forhold til dei involverte partane. Det seier rådmann i Høyanger kommune, Arve Varden.

Difor har kommunen i dag vedteke bota frå politimesteren i Sogn og Fjordane på 100 000 kroner fordi kommunen ikkje gjorde nok for å hindre mobbinga dei kjende til ved skulen.

Gut vart halden under vatn

Fredag vart det kjent at kommunen har fått bot for å mellom anna å ikkje ha gjort nok for å hindre mobbing dei kjende til ved skulen.

Høyanger kommune er den første kommunen i landet som har fått bot for å ikkje gripe inn i ei sak der dei visste om mobbing.

Ein gut skal ha vorte halden under vatn i symjehallen til han mista pusten, samt at han fekk hovudet dunka mot ein murvegg. I tillegg gjekk ein medelev til angrep på guten med kniv i skuletida.

– Vi vil fokusere på å legge denne kjedelege saka bak oss fortast mogeleg og komme i god dialog med partane slik at vi kan jobbe vidare konstruktivt.

– Betyr dette at de vedgår at de har gjort for lite for å hindre mobbinga de kjende til ved skulen?

– Vi erkjenner at politimesteren har gitt oss eit førelegg på to punkt i Opplæringslova. Vi tar det innover oss og vil bruke tidapå å gje best mogeleg tilbod til eelvane som brukar Høyanger skule.

Kommunen vil bli betre

Kommunen meiner sjølv dei har fått på plass eit betre system som skal fange oss slike hendingar.

– Vi tar dette på høgste alvor og vi vil bli betre rusta til å unngå slike situasjonar.

Barneombod Anne Lindboe sa før helga at det var rett og rimeleg at Høyanger kommune vart straffa for å ikkje ha gjort nok for å hindre mobbing.

– Dette gir eit veldig viktig signal, og eg er svært glad for den avgjerda som både Statsadvokaten og politiet har teke i denne saka. Det kan verke disiplinerande og oppdragande på andre kommunar, seier Lindboe.

Kor vidt det vil komme eit erstatningskrav mot kommunen i framtida er for tidleg å fastslå, meiner Varden.

– Det får vi forholde oss til det viss det skulle komme.