Hopp til innhold

I dag vart dei første lokale jordbæra lagt ut for sal

På Stårheim kunne ein i dag sikre seg dei første jordbæra. Det er to til tre veker før normalt - og fleire jordbærbønder melder om rekordtidleg sesongstart.

Hjå Steinar Myrold er dei første jordbæra allereie klare.

KLARE: På Myrold fruktgard på Stårheim i Eid står jordbærplantane i tunnelar, dermed er dei første jordbæra allereie klare hjå Ivar Myrold.

Foto: Silje Guddal

– Å starte sesongen no er to til tre veker før normalen. Vi har vore tidleg ute før også, men det høyrer til det sjeldne, seier Ivar Myrold.

Under lange kvite plastdukar, på grøne store jordbærplantar, er allereie dei første bæra klare for hausting. I dag har han levert dei første bretta med jordbær til den lokale bensinstasjonen.

– Ved å produsere i tunnel, så kan vi starte sesongen tidlegare, og den varer også lenger. Dei største knoppane kjem det bær på først, og så blir det bær jamt utover i ein månads tid, fortel jordbærbonden.

Også han, og far Steinar - som har drive med jordbær i over 50 år, meiner det er noko heilt spesielt med dei første bæra som er klare.

– Dei første bæra smakar eg alltid på, så vi har kost oss her i nokre dagar. Storleiken på bæra er viktige for kundane, spesielt no i starten, og skal ein få god pris for dei så må dei sjå bra ut også, seier Ivar Myrold.

Sjå video frå jordbærplukkinga på Stårheim med Steinar Myrold som har drive med jordbær i 50 år:

(Artikkelen held fram under videoen)

Årets første jordbær er klare for hausting på Stårheim.

Steinar Myrold har vore jordbærbonde i 50 år, også han må tjuvsmake på dei aller første bæra.

Reknar med bæra blir rivne vekk

Han tippar ein må ut med mellom 50 og 60 kroner for dei første bæra som står klare i dei blå og grøne korgene.

I løpet av sesongen forventar dei å produsere mellom fem og seks tonn med bær. Og på den lokale bensinstasjonen har dei venta utolmodig på første forsyning.

– Bæra er veldig gode, og folk har spurt lenge etter dei, så det var på tide. Dei er nok raskt vekke, seier Leni Løvlid ved bensinstasjonen på Stårheim.

I 50 år har Steinar Myrold drive med jordbær.

TIDLEG: I 50 år har Steinar Myrold drive med jordbær, no kan han også hauste avling frå bær dyrka fram i tunnel, noko som gjev ekstra tidleg innhausting.

Foto: Silje Guddal

Rekordtidleg start i heile fylket

Også andre stader i fylket gjer jordbærbøndene seg klare for ein rekordtidleg start på sesongen. Bæra som veks fram ute i det fri, utan ein vernande plasttunnel, er også snart klare til levering.

– Eg har gitt beskjed til plukkarane at dei må kome 14 dagar før planen. Så det kjem ein gjeng kring 15. juni, og vi er gjerne i gang med plukkinga før det. Det er det tidlegaste vi har hatt, seier jordbærbonde Jon Elling Vereide på Sandane.

Han var ein av dei som verkeleg fekk merke den elendige jordbærsesongen i fjord, då fekk han øydelagt kring 23 tonn av avlinga. Han trur det blir ei betre avling i år, sjølv om nokre av plantane framleis ber preg av eit hardt fjorår.

– Det blir bra med bær, men det er også ein del svarte felt hjå meg, for eg får ikkje bær på alle plantane. Neste år trur eg det blir verkeleg gode forhold, seier han, før han held fram å lage nye felt klare for jordbær.

Aldri starta så tidleg før

Håkon Loen i Stryn forventar også å sjå dei første bæra kring 15. juni. Han har drive som jordbærbonde i over 40 år. Han har ført grundige notat over kor tid ein har starta plukkinga kvart år, og har rekna seg fram til at 2. juli er snittdatoen for sesongstart.

– Det tidlegaste vi har plukka bær er 16. juni, men det er over ti år sidan. Det seinaste vi har starta er 18. juli, så det er veldig stort spenn, seier Loen.

Også i Luster melder Terje Anton Gudmundsson i Luster grønt om gode forhold for jordbæra.

Jon Elling Vereide

REKORD: Bærbonde Jon Elling Vereide på Sandane meiner alt tyder på ein god jordbærsesong i år.

Foto: Birger Meland / NRK

– Vi har hatt ein god vinter og vår, så det er tidlegare enn normalt med det meste. Eg vil tru at vi ligg ein til to veker før normal sesongstart.

Lite regn kan føre til problem

Sol, varme temperaturar og lite nedbør har prega vêret dei siste vekene, og sjølv om det er sterkt medverkande til den rekordtidlege starten på jordbærsesongen, så kan det også føre til utfordringar om regnet let vente på seg.

– Det er veldig tørt, så sjølv dei som vatnar ser at plantane lir under vassmangel, seier Loen.

Også på Sandane er det tørt fleire stader, og fleire av jordbærbøndene har starta vatning av plantane.

– Det kjem i stor grad an på kva jord ein har, er det utan mykje sand, så går det stort sett bra, seier Vereide.