– Eg hadde vel 15 brett, og dei forsvann på eit kvarter, seier Føleide.
Heldigvis var det ein del kundar som ikkje kjøpte heile brett, og dermed vart det bær på fleire av dei som stimla seg rundt bilen til Føleide.
– Det gjekk veldig lett. Men dessverre var det kundar som vart skuffa, sidan det gjekk tomt så fort, seier Føleide.
- LES OGSÅ:
Sel det dei har til overs
Han er med i Gloppen produsentlag, som leverer bær på strekninga Sandane-Førde-Naustdal og Florø når dei har nok. Viss dei har noko til overs etter at dei har levert til butikkane dei har avtale med, så sel dei resten på Førde Torg.
– Det har vi gjort i 15–20 år. Men problemet i år er at vi nesten ikkje har noko att i bilen etter at vi har levert til butikkane, seier Føleide.
Han understrekar at det er meir bær der dei kjem ifrå, men om det er nok til alle som vil ha, det er heller tvilsamt.
– Vi har avtale med Coop-kjeda, så vi må først og fremst passe på dei. Og då er det ei utfordring å klare å skjøtte torgsalet, seier Føleide.
- LES OGSÅ:
- LES OGSÅ:
Det kjem meir bær, men neppe nok...
– Det vil nok bli litt betre neste veke, tippar eg. Men det avheng av at regnet ikkje øydelegg for oss, slik at vi ikkje kan sortere så mykje i konsumbær, seier Føleide, som har gard på Føleide i Gloppen.
Vert det for mykje regn, får bæra vass-skade, og då vert dei sorterte som fabrikkbær.
– Då går den delen vi gjerne skulle selt som konsumbær, ned. Men vi håpar i det lengste at vi skal kunne levere konsumbær så lenge som råd. Men det er heilt avgrensa kor mykje vi klarar å levere. Det er eit spesielt år, seier Føleide.
- LES OGSÅ:
Mista ikkje avling
Medan det lumske vêret på vinteren og våren førte til at mange jordbærbønder mista store delar av plantene sine, mista ikkje Føleide noko.
– Vi i bygda vår hadde ikkje frostskadar fordi då den siste kuldeperioden kom, så låg det snø her, så det redda oss. Vi hadde flaks denne gongen, seier Føleide.
Men mange andre jordbærdyrkarar har mista store delar av avlinga, og dermed er det langt færre produsentar som skal forsyne alle som vil ha, med raude, søte bær.
– Om vi klarar å forsyne alle, det veit eg ikkje. Men det er mange som kjem opp her på garden og kjøper bær, rett og slett fordi dei er redde for at dei ikkje skal få tak i jordbær, seier Føleide.