Hopp til innhold

Får berre halv jordbæravling i år - hard vinter har teke knekken på mange plantar

Etter ein lang og iskald vinter er det ein tung sommar for jordbær- og bringebærbøndene, samstundes som bæra er meir populære enn nokon gong.

Håkon Loen

DÅRLEG AVLING: Jordbærdyrkar Håkon Loen seier dei får halvparten av eit normalt år.

Foto: Birger Meland / NRK

Årets jordbærsesong ser dårleg ut for bonde Håkon Loen i Stryn. Dette året reknar han med halvparten av eit normalår.

– Avlingane er ikkje på topp. I fjor var det 110 prosent avling i forhold til. I år er det 55 prosent av normalår, altså litt over halv avling, seier han.

50 prosent av plantane dauda

Ein vanskeleg vinter med mykje frost har øydelagd mange av plantane til Håkon Loen som er stor på bærdyrking. Det har gått hardast ut over bringebæra, men også jordbærplantene har fått hard medfart.

– På det eine feltet vårt var om lag 50 prosent av plantane daude. Dei har vi fjerna og sett inn nye med tanke på neste års avling.

Det dårlege sesongen fører til mindre omsetnad og inntekt, mindre arbeid for dei som skal plukke og færre bær til dei som vil kjøpe.

– Dette året kjem bæra ti dagar etter eit normalår. I fjor byrja vi å plukke 25. juni, men vi har hatt seine sesongar før også. Og så skal vi ikkje gløyme det gode året i fjor og vi flyt litt på det. Det er heldigvis ikkje likt frå år til år. Dette å vere grøntprodusent er ikkje alltid enkelt og du må vere på lag med naturen.

(Artikkelen held fram under videoen)

Hard vinter har teke knekken på mange bær denne sesongen.

SJÅ VIDEO: Plukkarane er på plass, men dei er færre i år enn i fjor.

Sel dei fleste bæra lokalt

Håkon Loen har teke grep for å sikre inntekta si. For å tene mest mogleg pengar, sel Håkon Loen jordbæra lokalt.

– Eg har kutta ut eit mellomledd for å tene pengar. Det aller meste går direkte til forbrukar, seier han.

Prøver å halde stabil pris

Ei korg vil koste 40 kroner når den kjem på marknaden. Etterspurnaden er såpass stor at han ein kunne tenkt høgare pris. Men han tenkjer langsiktig, og held seg på ei jamn pris.

– Prisen blir omtrent som i fjor. Lokalt har vi lagt oss på ein stabil pris frå år til år og gjennom sesongen.

– Kor mykje haustar du kvar dag framover når sola får teke skikkeleg tak?

– Det er vanskeleg å seie. Det har med kva temperatur vi får og kor ofte vi plukkar. Vi lyt berre sjå korleis det blir.

– Kva blir inntekta for ein jordbærbonde?

– Den varierer veldig og eg tener jo pengar for det jamnar seg ut over fleire sesongar. Men får vi fleire sesongar som denne, er det ikkje mykje å leve av.

(Artikkelen held fram under biletet)

Jordbær

FÆRRE BÆR: I år tek det lenger tid å fylle opp korgene.

Foto: Birger Meland / NRK

Same problem i Gloppen

På Sandane slit bærbonde John Elling Vereide med dei same problema. Dei plukkar bær på tredje dagen, men også i Gloppen reknar han med berre halv avling i år.

– Det blir mykje mindre bær, men kvaliteten er heldigvis like god. Avlingen varierer frå felt til felt, men eg reknar med halvparten av eit normalt år.

– Økonomisk går det dårleg, men vi kan ikkje gi opp, seier han.

Færre plukkarar

16–17 plukkarar er no på plass på Vereide. Det er 10 færre enn han hadde tenkt.

– Eg måtte stoppe ein del plukkarar og eg har eigentleg for mange med dei som har kome. Men det blir litt overlapping mellom jordbær- og bringebærsesongen, så det skal nok bli arbeid til dei som er her.

Vereide sel mykje jordbær på torg og noko gjennom butikkar. Men ein større del enn før går til fabrikkar som lagar syltetøy.

– Mange av plantane levere dårleg etter den harde vinteren, og desse bæra går til syltetøy, seier han.