Hopp til innhold

Med bomringen kom rekordomsetnaden

FØRDE (NRK): Innbyggjarane i nabokommunane trua med handelsstopp i Førde. Men Amfi Førde har aldri omsett så mykje som etter at bomringen kom rundt kommunesenteret.

Mariann Njøsen

REKORD: Senterleiar Mariann Njøsen har aldri sett butikkane på Amfi Førde omsette for så mykje pengar som dei gjorde i fjor. – Vi har ikkje merka noko til etableringa av bomringen, konstaterer ho.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Frå 2016 til 2017 auka senteret omsetnaden frå 579 til 603 millionar kroner. Ein auke på over fire prosent.

I tillegg hadde senteret, som feira 30 år i fjor, nær ni prosent auke i betalande innom dørene.

– Det var spennande heile desember om vi skulle nå 600 millionar. Når vi no klarte det, så må vi nesten feire, strålar senterleiar Mariann Njøsen.

– Fekk ein klump

Ingen kan seie korleis omsetnaden hadde vore utan bomringen, men rekord vart det i alle høve. Og det i eitt år der innbyggjarane i nabokommunane protesterte mot innføringa av bomringen hausten 2016.

Både gjennom media og på sosiale medium lova mange å redusere pengebruken i Førde.

– Eg trur bomringen vart hausa veldig opp. Personleg tenkte eg ikkje særskilt på det, men eg hadde ein liten klump i magen då bomringen opna, seier Njøsen.

Auka trafikk

Statistikk frå Sørvest Bompengeselskap viser varierande trafikkmengd gjennom bomringen sidan etableringa i oktober 2016.

Trafikktal Førdepakken 2016-2017

Månad

2016

2017

Totalt

1.641.805

6.729.648

Januar

535.097

Februar

501.978

Mars

591.213

April

531.270

Mai

606.205

Juni

590.926

Juli

527.590

August

596.135

September

582.183

Oktober

537.009

576.075

November

560.062

547.524

Desember

544.734

533.452

Ekspander/minimer faktaboks
Bomringen i Førde

TRAFIKKMENGD: Både i november og desember 2017 passerte det færre bilar gjennom bomringen enn same periode året før. Bilete er frå bompasseringa ved Øyrane.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Snittet for 2017 var 560.000 passeringar gjennom bomringane kvar månad. Dei tre månadane opningsåret var snittet 547.000 køyretøy.

Folk kjem frå heile fylket.

– Vi ser at det er folk frå heile fylket, og eg håpar at folk tykkjer det er kjekt å vere her, seier Njøsen ved Amfi.

Nedgang for Elvetorget

Anne Karin Steen

KONKURRANSE: Anne Karin Steen vil ikkje kalle Amfi Førde for noko konkurrent. – Vi er to senter som utfyller kvarandre godt. Og vi er med på å trekkje kundar til Førde, seier ho.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Enkeltbutikkar har auka omsetnaden på nær 20 prosent. På andre sida av riksveg 5 var ikkje 2017 like oppløftande for alle. Også her auka enkeltbutikkar salet med kring 20 prosent, men totalen for Elvetorget vart ein nedgang på vel to prosent. Frå 429 til 418 millionar kroner. Senteret har ikkje samanliknbare tal for betalande kundar frå år til år.

– Det kan vere at folk legg att mindre pengar enn tidlegare, men det har vi ingen analyse på, seier senterleiar Anne Karin Steen.

Ho vil ikkje gi bomringen skulda for omsetnadsnedgangen. Elvetorget mista tre butikkar i løpet av 2017 og ventar først i år å sjå effekten av Specsavers som etablerte seg på slutten av året.

– Skal vi samanlikne med Amfi, så må ein også ta omsyn til nyetableringar. Då tenkjer eg mellom anna på Burger King, seier ho.

Populær hamburgar

Amfi Førde og Elvetorget

SIDE OM SIDE: Amfi Førde og Elvetorget ligg på kvar si side av riksveg 5 gjennom Førde. – Vi har mykje dei same kundane, seier senterleiar ved Elvetorget, Anne Karin Steen.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Det seier senterleiar Njøsen på Amfi seg samd i. Sjølv om Burger King åleine ikkje står for omsetnadsveksten.

– Mat og drikke går godt opp og no har vi servering på nesten heile huset. Burger King dreg med seg mykje folk, men vi har også spesialbutikkar som sport, briller og leikar, som gjer det veldig bra, seier ho og trur mykje aktivitetar og marknadsføring gjennom eige magasin er godt motteke hos kundane.