Hopp til innhold

Regjeringspartia delte om tvangsbruk mot kommunar i Nordfjord og i Sogn

Høgre og KrF tvilar på at dei vil tvinge fram nye kommunar i Nordfjord og i Sogn, medan Frp seier ja og Venstre held døra open.

Lars Svein Drabløs og Bjørn Lødemel

DELTE OM TVANG: Lars Svein Drabløs (FRP) og Bjørn Lødemel (H)

Foto: MONTASJE: Asgeir Heimdal Reksnes/Trond Vestre / NRK

Fylkesmannen vil trasse kommunale vedtak og slå Selje saman med Vågsøy, og Balestrand, Leikanger med Sogndal.

I Høgre vil ikkje Bjørn Lødemel høyre snakk om tvang i denne samanhengen.

– Det er ganske strenge kriterium for når ein skal kunne bruke tvang, og eg meiner det vert feil å snakke om tvang no, seier Lødemel.

Nye rundar

Spente innbyggarar ventar no nye rundar om kommunereforma.

For Fylkesmannen vil bruke tvang for å slå saman Sogndal, Leikanger og Balestrand i Sogn og Vågsøy med Selje i Nordfjord.

Tilbakemeldingane frå Leikangerordførar Jon Håkon Odd frå Ap er mildt sagt lunken.

– Eg kan ikkje legge skjul på at eg kjenner meg umyndiggjort. Her set ein til side folkeviljen og eit demokratisk fatta vedtak, seier Odd.

Det same gjeld Krf-ordførar Stein Robert Osdal i Selje, kommunen har for lengst gjort vedtak om at Selje og Vågsøy blir ei for lita eining.

Eg tykkjer det er ein utfordrande situasjon at Fylkesmannen vil tvinge ein kommune som har sagt at ein ikkje ynskjer det, seier Osdal.

Til Stortinget

Når fylkesmann Anne Karin Hamre no vil ha kommunane saman er det knytt stor spenning til kva som skjer til slutt i Stortinget.

Men Bjørn Lødemel vil ikkje bruke ordet tvang no heller, men håpar at kommunane vert motivert til å gå nye rundar.

– Eg meiner det ligg så mykje kloke vurderingar i som Fylkesmannen har gjort, og at kommunane sjølve bør gjere ei ny vurdering, seier Lødemel.

Men fylkesleiar i Frp Lars Svein Drabløs er usamd. Han spår at Stortinget vil tvinge kommunane saman.

– Eg trur at dei kan vere villige til å bruke tvang i den samanhengen, fordi Fylkesmannen hadde svært gode argument for å slå desse kommunane saman.

Basert på frivilligheit

Samarbeidspartia har sagt at kommunereforma skal vere friviljug, og tvang skal berre nyttast i heilt særlege tilfelle. Stortingsrepresentant Sveinung Rotevatn frå Venstre meiner Fylkesmannen si tilråding om å skape fire nye storkommunar er ei edrueleg vurdering, og påpeikar at det er Stortinget som tek avgjerda til slutt.

– Føresetnaden for kommunereforma har heile tida vore at den er basert på frivilligheit, men at Stortinget held døra open for å bruke sin styringsrett dersom ein ser at det er naudsynt. Det trur eg kommunane og er klar over, seier Rotevatn

Fylkesleiar i KrF Trude Brosvik tvilar på side sterkt på at vi vil ende opp med tvangssamanslåingar i Sogn og Fjordane.

– Eg trur det er lite truleg at Stortinget vil tvinge kommunar som er sterkt i mot, men felles for desse forslaga er at vel at det er noko som er mot og nokre som er for. Då kan det hende at det vert ein ny runde lokalt, og at ein kjem fram til løysingar, seier Brosvik.