Hopp til innhold

Slik vil Fylkesmannen ha kommunekartet

LEIKANGER (NRK): Fylkesmann Anne Karin Hamre tilrår fire kommunesamanslåingar i Sogn og Fjordane. Ho går mot kommunevedtaka, og tilrår ein storkommune i Sogn og ein kystkommune i Nordfjord

det nye fylket

– Nokre vil meine at det vi legg fram her i dag vitner om mangel på respekt for folkestyre. Andre igjen tykkjer kanskje vi er for pinglete. Eg er oppteken av å få til noko her i fylket, men også at det skal gå igjennom i Stortinget.

Fylkesmannen har fått i oppdrag av regjeringa å kome med eit råd om korleis ho meiner at kommunekartet bør sjå ut i framtida.

Fylkesmannen har likevel ikkje noko direkte makt over korleis kommunekartet skal sjå ut. Stortinget kan velje å lytte til rådet hennar, eller dei kan la vere.

Berre dei fire sunnfjordkommunane Førde, Jølster, Gaular og Naustdal har vore samde om gå saman til ein ny kommune i Sogn og Fjordane. Fylkesmann Hamre vil likevel gå endå lenger. Ho tilrår desse kommunesamanslåingane.

  • Sogn: Balestrand, Sogndal og Leikanger
  • Nordfjord: Vågsøy og Selje
  • Nordfjord/Sunnmøre: Hornindal og Volda
  • Sunnfjord: Førde, Jølster, Naustdal og Gaular.
Anne Karin Hamre

TYDELEG: Anne Karin Hamre er tydeleg på at kommunesamanslåingar er naudsynte, og går lenger enn det kommunepolitikarane sjølv har gjort.

Foto: Christian Blom

Ho går altså mot dei kommunale vedtaka i fleire av sine forslag. Ho forsvarar det med at kommunesamanslåinga er heilt naudsynt.

– Allereie i dag er mange kommunar så små at dei ikkje klarar å løyse oppgåvene sine åleine. Vi har mange interkommunale samarbeid, og mange rådmenn seier at deira kommune ikkje kjem til å klare å stå åleine i framtida.

Vil skape eit lokomotiv i Sogn

Sunnfjord har dei siste ti åra hatt ein sterkare vekst enn Sogn, og Hamre peiker på at Førde har vore eit lokomotiv for vekst i Sunnfjord. Ho håpar at ein ny storkommune i Sogn kan vere det same.

– Dette området er allereie ein sterk bu- og arbeidsregion. Det trengst eit sterkare regionalt tyngdepunkt i Sogn, og denne kommunen vil få eit innbyggjartal på over 11 000.

Kystkommune midt i smørauget

Hamre trekte fram at både Vågsøy og Selje har hatt ei svak folketalsutvikling dei siste åra. Ho trur ein ny kommune med over 8000 innbyggjarar vil stå seg betre.

– Ein større kommune vil gje ein betre økonomi, som ikkje er så sårbar for svingingar. Vi har og tenkt på regionale omsyn. Dette er ein kommune midt i smørauget på kysten, og ein sterk kystkommune vil vere meir tiltrekkjande som arbeidsplass.

Fylkesmann Anne Karin Hamre

SPENT FORSAMLING: Anne Karin Hamre la fram sine tilrådingar for ein spent forsamling av politikarar og presse klokka 13 i dag

Foto: Christian Blom

Vil ha med fleire

Hamre la stor vekt på at kommunereforma berre er i startgropa, og at ho trur fleire kommunar vil slå seg saman dei neste åra.

– Store endringar i struktur tek lang tid. Førre gong ein slo saman kommunar brukte ein 20 år, og også denne gongen vil det ta lang tid. Dagens kommunestruktur er 60 år gamal, og alt tyder på at det vil endre seg i åra framover, sa Hamre.

Fylkesmannen nemnde fleire døme på kommunesamanslåingar som ho ser føre seg på litt lengre sikt.

Ho sa at Høyanger på sikt er for liten til å stå åleine, og ho meinte at Luster etter kvart bør gå inn i den nye storkommunen i Sogn. Også i Sunnfjord ser ho føre seg at Fjaler og Askvoll over tid går saman med dei fire kommunane i indre Sunnfjord.