Rasar mot motstandaren etter at skade avgjorde kampen: – Ein hån mot oss

FØRDE (NRK): Franske Saint-Raphaël Var styrte mot ein sikker siger mot Førde i europacupen, så snudde ein skade heile resultatet på hovudet.

Fransk spelar fekk brot i ankelen under Førde-kamp

UT MED SKADE: Den franske spelaren måtte av bana på båre etter eit beinbrot. Då dei mangla innbytarar tapte dei kampen, sjølv om dei leda 2–0 i sett. Førde-laget er rasande og kallar oppførselen respektlaus.

Foto: Rune Fossum Lillesvangstu / NRK

– Ein usportsleg måte, kort og godt. Eg synest det er forferdeleg trasig når vi legg ned så masse tid og energi i dette arrangementet. Dei håner oss og det vi prøver å få til med å ta med så få spelarar, seier leiar i Førde volleyballklubb, Bjørn Holvik.

For sjølv om damelaget til klubben nettopp hadde vunne i debuten i europacupen var det lite glede å spore hjå både leiinga og spelarane til heimelaget.

For få spelarar

Franske Saint-Raphaël Var hadde kampen under full kontroll i det tredje settet. Dei hadde vunne dei første to setta.

Men så braut den eine franske spelaren foten. Då dei ikkje hadde med seg innbytarar kunne dei ikkje fullføre kampen og Førde vann til slutt 3–2.

Det er uproft av dei, både mot oss som klubb og publikum å stille på denne måten, seier Holvik.

Hilde Elvebakk Hjelmeland i smash mot franske Saint Raphael

BISMAK: Førde-kaptein Hilde Elvebakk Hjelmeland og resten av laget styrte mot eit 3–0-tap før det franske laget fekk ein spelar skadd og kampen vart avbrote.

Foto: Rune Fossum Lillesvangstu / NRK

For det er ikkje lov å spela med berre fem spelarar på bana. Derfor vart kampen avbrote og Førde tok automatisk sigeren i dei tre siste setta. Heller ikkje lagets kaptein var nøgd med sigeren.

– Det er siger med bismak. Vi hadde høyrt at dei skulle komme med sju spelarar, men så såg vi at dei berre tok med seg seks. Det er ein risiko dei har teke og det får dei betale for, seier Hilde Elvebakk Hjelmeland.

Kritisk til eigen klubb

Totalt kom det franske laget med åtte representantar. Seks spelarar, ein trenar og ein statistikkansvarleg. Dei forstår kritikken frå Førde-laget.

– Klubben bestemte seg for å berre sende seks spelarar og dei veit godt om reglane. At ei skade ville føre til tap. Klubben visste om risikoen, men valde det likevel. Eg veit ikkje kvifor dei tok det valet, seier Alessandro Cremaschi som er statistikkansvarleg for den franske klubben.

Returkampen går i Frankrike 5. desember og med dagens 3–2 siger har Førde sjansen til å ta seg vidare til neste runde i europacupen.

– Vi reiser nedover med 15 spelarar, trenarar og støtteapparat. Hadde vi vore like kyniske så hadde vi reist med seks spelarar ned der og glist. Om ikkje dei har respekt for vårt arrangement, kvifor skal vi ha det for deira, spør Førde-leiar Holvik.

Tidlegare på kvelden tapte Førde sitt herrelag 3–2 mot TIF Viking frå Bergen i sin 16.-delsfinale. Returkampen vert spelt 5. desember på Sotra. I førre runde slo dei ut det ukrainske laget Novator.