Hopp til innhold

Historisk europa-bragd: – Heilt vanvitig

Førde sine volleyball-herrar er vidare i CEV Cup etter eit vanvitig drama i Ukraina.

Førde volleyballklubb, avansement for Førde volleyballklubb

JUBEL: Førde-spelarane kunne jubla etter å ha tatt seg vidare i europacupen. I neste runde ventar rivalen.

Foto: Førde volleyballklubb

– Det var litt av ei berg og dalbane. Det er noko av det mest vanvitige eg har vore med, seier Førde-spelar Mathias Loftesnes på telefon frå Ukraina.

For Førde sine volleyballherrar er vidare i CEV-cupen etter å ha slått ukrainske Novator Khmelnytskyi i Golden Set på bortebane. I heimekampen for ei knapp veke sidan vann Førde-laget 3–0 i sett.

Dramatisk kamp

Bortekampen i kveld enda 3–1 til det ukrainske laget og laga måtte ut i eit siste og avgjerande sett. Der var Førde sterkast og vann 15–10.

– Vi måtte berre vinne to sett og så var vi vidare. Vi vann det første settet ganske greitt og i det andre settet hadde vi ei god leiing som vi rota vekk. I det tredje settet hadde vi også føringa, men det rota vi vekk også. Vi tapte den vanlege kampen 3–1, seier Loftesnes.

For poengsystemet i volleyball kan verka litt forvirrande. For trass i at Førde vann 3–0 i sett heime, og «berre» tapte 3–1 borte måtte dei ut i eit ekstra sett. Årsaka er at ein får tre poeng for 3–0 og 3–1 sigrar. 3–2 sigrar gir to poeng, 3–2 tap gir eitt poeng. Men Førde tapte 3–1 som ikkje gjev poeng, og dermed måtte laga ut i eit siste og avgjerande sett der førstemann til 15 poeng vinn.

– Det var jamt fram til ti poeng til kvar, men så fekk vi ei luke og så tok vi det i land. Dette er noko av det beste eg har vore med på, seier Loftesnes.

Men sjølv om ingen lag frå Sogn og Fjordane nokon gong tidlegare har tatt seg vidare i Europacupen har ikkje Førde-laget tid til noko feiring.

– Det er meldt snø, så køyreturen til Kiev som vanlegvis tar fire timar vil ta opp mot ti timar. No blir det å få i seg noko mat og så blir det senga for å lade opp til ein lang reisedag i morgon, seier Loftesnes.

Mathias Loftesnes og Lars Fredrik Tvinde

Mathias Loftesnes (frå ein tidlegare kamp) var høgt opp etter sigeren.

Foto: Rune Fossum / NRK

Og i neste runde av europacupen slepp dei å reise veldig langt. Då møter dei rivalen TIF Viking frå Bergen.

– Eg har ikkje fått tenkt noko særleg på den kampen enno, men vi er i ein god flyt så det vert spennande, seier Loftesnes.