– Om det er ein dag det er naturleg med tårer, så er det definitivt i dag

Sjølv advokaten gret modige tårer då det denne veka blei kjend at Staten betalar nær ein halv million kroner til den psykisk utviklingshemma mannen som blei svindla av si eiga søster – som også var verja hans.

Anette Stegegjerdet Norberg

GREIN AV GLEDE: Advokat Anette Stegegjerdet Norberg har kjempa ein lang kamp for at den psykisk utviklingshemma mannen skulle få erstatning.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

– Eg må berre gle meg saman med klienten min og dei pårørande. Om det er ein dag det er naturleg med tårer, så er det definitivt i dag, seier mannen sin noverande verje, advokat Anette Stegegjerdet Norberg.

No har Statens sivilrettsforvaltning bestemt at den psykisk utviklingshemma mannen får ei erstatning på nær 500.000 kroner.

– Når Staten no er villig til å rydde opp, så har det enorm betydning for han og den situasjonen han er i, seier ho.

Det er ein lang kamp som no har fått ein lukkeleg slutt for den psykisk utviklingshemma mannen. Frå 2010 til 2016 underslo verja hans, den eldste systera, i alt 598.000 kroner frå kontoen hans. Pengar han hadde tenkt å bruke til det han lenge hadde drøymt om: Eigen bustad.

I retten blei kvinna dømd til å betale tilbake det meste av pengane, men sjansen for at det skulle skje var liten. Ho måtte heller ikkje sone noko fengselsstraff for ugjerninga.

Fekk knallhard kritikk

Etter kvart kravde den nye verja og advokaten hans at Fylkesmannen i Sogn og Fjordane si rolle måtte granskast. Rapporten etter tilsynet var knallhard, Fylkesmannen burde ha sjekka korleis søstera forvalta pengane til sin psykisk utviklingshemma bror:

«I dette tilfellet er det Statens sivilrettsforvaltnings oppfatning, at den samlede informasjonen i saken tilsier at Fylkesmannen hadde plikt til å undersøke forholdene nærmere på et tidligere tidspunkt.».

Ei verje har som ei av hovudoppgåvene å sikra god kontroll med ein person sin økonomi.
I denne saka fekk fylkesmannen så tidleg som i 2013 uromelding frå kommunen om verja si forvaltning av mannen sine pengar, men gjorde lite før saka blei meld til politiet.

– Vi slo oss i første omgang til ro med det som verja forklarte og følgde ikkje godt nok opp. Det seier vi oss lei oss for, sa assisterande fylkesmann i Vestland, Gunnar O. Hæreid til NRK i mars.

No lever bustaddraumen

Når Staten no legg seg flat for kritikken og betaler ut ei erstatning på nær ein halv million kroner, er det til stor glede for den psykisk utviklingshemma mannen og dei pårørande. Han kan igjen drøyme om eigen bustad.

– Han har gleda seg i mange år til å flytte i eiga leilegheit. No kan han pusta letta ut for at det ordnar seg økonomisk for han, slik han trudde at det skulle gjere i utgangspunktet før han blei kjend med underslaget, seier advokat og verje, Anette Stegegjerdet Norberg.

Åra som har gått frå mistanken blei retta mot søstera og til Staten no betalar ut erstatning har vore tøffe for alle dei involverte.

– Dei pårørande har ønska at dette skulle ordna seg for bror deira. I dag er dei veldig letta og eg må seie at dette er blant det største eg har opplevd som advokat.

Statleg erstatning for andre gong

Statens sivilrettsforvaltning seier at saka ikkje hadde trunge å vekse seg så stor som ho gjorde.

– Delar av tapet ville ha vore unngått viss Fylkesmannen hadde fulgt opp informasjonen på ein forsvarleg måte. Vi meiner derfor at staten er erstatningspliktig på lik linje med andre arbeidsgjevarar, seier avdelingsdirektør Line Schei Mogenstad.

Ho fortel at dette er andre gongen staten betaler ut slik erstatning.

– Det finst også fleire saker der kommunar har blitt dømde til å betale erstatning i tilsvarande saker frå tida før staten tok over ansvaret for ordninga.