Hopp til innhold

Verje forsynte seg med tusenvis av kroner til husleige og bustadlån

Ein demenssjuk mann i Ålesund betalte husleiga og tok opp bustadlån til verja og sambuaren hans i hundre tusenkronersklassen Advokat meiner kontrollen med verjene er for dårleg.

Norges lover

Ein verje forsynte seg med tusenvis av kroner, no er staten dømd til å betale arvingane.

Foto: Wenche Lamo Hadland / NRK

Staten må betale 270 000 kroner til arvingane fordi Fylkesmannen i Møre og Romsdal ikkje oppdaga at verja grovt utnytta ein demenssjuk mann.

Verja, som også var bror til mannen, har ifølgje dommen forsynt seg både med pengar til si eiga husleige, og i tillegg tatt opp bustadlån for ei leilegheit til sambuaren sin. Verja har også henta ut pengar direkte frå minibanken og bankkontoen til broren han skulle hjelpe.

Dette klarte han ved å få den aldrande mannen til å signere fleire fullmakter.

I dommen frå Sunnmøre tingrett kjem det fram at fylkesmannen, som skal kontrollere at verjene utfører oppgåvene sine slik dei skal, burde ha oppdaga kva som gjekk føre seg.

Advokat Christian Garmann

Advokat Christian Garmann meiner kontrollen med verjene i Noreg er for dårleg.

Foto: Remi Sagen / NRK

– Dette er den einaste tryggleiken ein har mot at verjene misbrukar stillinga sin. Så når det sviktar, er det ille, seier advokat Christian Garmann, som representerer arvingane etter mannen.

– Trudde mannen ønskte det

Arvingane etter mannen la opphavleg fram eit krav på over 700 000 kroner. Dei meinte verja og sambuaren hadde tappa bankkontoar for store summar.

Under rettssaka kom det fram at fullmaktene, som gjorde at verja kunne ta ut pengar frå kontoen til mannen, var kjent hos Fylkesmannen i Møre og Romsdal, utan at det hadde fått alarmklokkene til å ringe.

Hanne Jahren

Advokatfullmektig Hanne Jahren hos Regjeringsadvokaten seier Fylkesmannen trudde fullmaktene frå den aldrande mannen var i tråd med hans ønskje.

Foto: Regjeringsadvokaten

Begge brørne er no døde, men Sunnmøre tingrett konkluderer med at det hadde vore ei smal sak å avdekke kva som hadde skjedd.

– Fylkesmannen meinte det dreidde seg om disposisjonar gjort av mannen sjølv, i tråd med hans eigne ønskje. Fullmaktene var datert fleire år før verjemålet blei etablert, og brørne hadde eit nært forhold. Det var bakgrunnen for at fylkesmannen ikkje reagerte på fullmaktene, seier advokatfullmektig Hanne Jahren hos Regjeringsadvokaten.

Jahren argumenterte i retten for frifinning, og har førebels ikkje tatt stilling til om dommen blir anka.

Meiner kontrollen er for dårleg

NRK har den siste tida skrive fleire saker om verjer som skor seg økonomisk på oppdraget dei har fått frå det offentlege.

Verge stjal penger fra funksjonshemmet brødrepar

Verja som skulle forvalte pengane til eit brødrepar i Trondheim stal nærare 200 000 kroner. Dei fekk berre tilbake rundt 70 000.

Foto: Faksimile

Nyleg blei det kjent at ei kvinne i Sogn og Fjordane er tiltalt for å ha underslått nesten 600 000 kroner frå bror sin, som ho var verje for. I Trondheim blei det tidlegare i år avdekt at ei verje stal nesten 200 000 kroner frå eit brødrepar.

Advokat Christian Garmann, som representerer arvingane i Ålesund, meiner kontrollen med verjene er for dårleg.

– Bakgrunnssjekken på verjene er ikkje god nok, spesielt der det er nærståande som blir oppnemnd som verjer, seier han.

Ba om nesten 800 000 kroner

I stemninga bad arvingane om totalt 742 842 kroner i erstatning. No får dei 170 000 kroner frå staten. I tillegg inngjekk den tidlegare sambuaren nyleg eit forlik med arvingane. Innhaldet er hemmeleg.