Hopp til innhold

Meiner folk i Nordfjord ikkje har grunn til skepsis mot asylmottak

Etter tre år med asylmottak på Vassenden har skepsis blitt snudd til positive erfaringar. Der meiner dei at folk i Loen og Innvik ikkje har grunn til å vere skeptiske til planane om asylmottak.

Grete Apelseth

OPTIMIST: Grete Apelseth er mottaksleiar på Vassenden. Ho meiner at folk i Loen og Innvik har lite å frykte om det kjem asylmottak der.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

På det gamle hotellet på Vassenden yrar det av liv. Folk frå fleire nasjonar bur no i bygget, lærer norsk og bur seg på ei mogleg framtid i Norge. Men skepsisen til asylmottak på Jølster Hotell var stor då planane vart presentert i 2009.

– Vi var jo ikkje vant med noko slikt, vi visste ikkje kva vi tok imot. Vi var veldig skeptiske, det skal eg vere ærleg å seie. Men det har gått betre enn vi trudde, fortel ei eldre kvinne NRK møter på butikken.

– Positivt for bygda

Ei anna godt vaksen dame fortel om berre positive erfaringar med asylsøkjarane, men presiserer at dette er hennar syn på saka.

– Dei er høflege og helsar. Dette er det jo delte meiningar om, men det er mi meining at det har vore positivt for bygda, seier kvinna.

Men i Loen og og Innvik er haldninga ein heilt anna. Norsk Folkehjelp ønskjer å etablere kring 150 asylplassar i dei to bygdene, og stemninga på folkemøtet nyleg var alt anna enn god. Torsdag er politikarane innkalla til ekstraordinært kommunestyremøte om saka.

(Artikkelen held fram under biletet)

Langvin

KAN BLI ASYLMOTTAK: Internata på den gamle jordbruksskulen Langvin i Innvik, kan bli asylmottak om Norsk Folkehjelp vinn anbodstevlinga.

Foto: Ottar Starheim/NRK / NRK

Skeptiske bygdefolk

– Eg trur ikkje at folk er skeptiske utan grunn.

Det seier leiar i Innvik bygdeutvikling, Lars Aage Hilde. Han meiner at særleg talet på asylsøkjarar som kan kome til bygdene vil bli eit stort problem.

– Her i Innvik er det eit alminneleg omkved blant folk, at om det hadde vore snakk om 30-40 stykkjer og kanskje litt lenger tid til å førebu infrastrukturen og servicetilbodet, så hadde det ikkje vore nokon som hadde sagt eit ord imot det, seier Hilde til NRK.

– Spel med opne kort

På kontoret på Norsk Folkehjelp Jølster mottak sit Grete Apelseth. Som mottaksleiar der er ho også involvert i arbeidet med den moglege etableringa av nye mottak i Nordfjord.

Til kritikken frå Lars Aage Hilde i Innvik seier ho at ho forstår at folk er skeptiske, ikkje minst fordi ein ikkje veit kva ein går til.

– Men no har jo asylmottaka profesjonalisert drifta veldig mykje sidan sist dei hadde mottak. Så det er veldig mange endringar og mottaka blir betre drivne no. Men litt skepsis trur eg ein må forvente, seier Apelseth, som sjølv var tilstades på folkemøtet i Innvik.

– Dersom det kjem eit mottak i Innvik og i Loen, så vil eg oppmode bygdefolket til å besøke mottaket sitt og ta del i kvardagen der, gå innom og drikk kaffi. Er det noko ein er usikker på, så må ein berre ta kontakt og spele med opne kort. Er det den minste lille ting, så kontakt mottaket med ein einaste gong, seier ho.

Har sendt brev til UDI

Men Lars Aage Hilde let seg ikkje overtyde av argumentasjonen til Norsk Folkehjelp. Han meiner det ikkje vil fungere med så mange asylsøkjarar i to små bygder.

– Det er veldig mange i forhold til folketalet. Vi har skrive eit brev til UDI der vi samanliknar med at det vil tilsvare 2000 asylsøkjarar i Førde i forhold til befolkninga, eller 100.000 i Oslo, seier Hilde.

(Artikkelen held fram under biletet)

Eirik Hjelmbrekke

MINDRE SKEPTISK: Eirik Hjelmbrekke er dagleg leiar på Spar-butikken på Jølstraholmen. No ser på asylsøkjarane i bygda som ein ressurs.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

Forstår skepsisen

På Spar-butikken og kafeen på Jølstraholmen er Eirik Hjelmbrekke dagleg leiar. Han var ein av dei som var svært skeptisk då planane om asylmottak på Vassenden vart lagt fram hausten 2009.

Han forstår at nordfjordingane er skeptiske til eit så stort tal asylsøkjarar, og han meiner at det bør både UDI og Norsk Folkehjelp forstå.

Skepsisen forsvann

Men samstundes innrømmer han lett at skepsisen han hadde, no er snudd til ei positivt haldning til både mottaket og asylsøkjarane. Sjølv har han no ein fast tilsett, som opphaveleg kom til Vassenden som asylsøkjar.

– Han byrja som ekstrahjelp då han var på asylmottaket. Så fekk han opphaldsløyve, har etablert familie, har fått ei datter og er no busett i byggjefeltet med eiga leiligheit med bil og fast jobb, fortel Hjelmbrekke.

– Treng arbeidskraft

Han meiner at asylmottaket har tilført Vassenden verdiar, ikkje minst i form av folk og framtidige faste innbyggjarar.

– Eg trur absolutt at bygde-Norge vil bli veldig tynt om vi ikkje har tilførsel av utanlandsk arbeidskraft og busetnad, sler Hjelmbrekke fast.