Hopp til innhold

Ordførar om asylmottak: Dette er forhasta og udemokratisk

Norsk Folkehjelp sin søknad om å opprette asylmottak i Stryn kommune vekkjer sterke reaksjonar.

Loen Hotell/Sven Flo

KAN BLI ASYLMOTTAK: Her ved Loen Hotel kan det bli 60 plassar for asylsøkjarar. Stryneordførar Sven Flo meiner prosessen har gått for fort.

Foto: NRK

Det er søkt om eit mottak for 150 bebuarar, med opsjon på ytterlegare 60 plassar. Ved Loen Hotel kan det komme om lag 60 asylsøkjarar og i Innvik 95 personar.

Over 500 har skrive under ein protest mot at 60 personar skal plasserast på Loen Hotell, skriv Fjordingen.

Ordførar Sven Flo meiner prosessen har fått for fort og er udemokratisk. Han meiner at verken innbyggjarar eller politikarar har ein reell moglegheit til å innverke på avgjerda.

– Det er eit ganske stort engasjement knytt til dette. Det er tufta på den prosessen som er køyrt så langt. Eg meiner saka er forhasta i forhold til tidsaspektet som er heilt urimeleg, seier Flo til NRK.

Kan ikkje stoppe planane

På folkemøtet i går opplyste representantar frå Norsk Folkehjelp og UDI at verken kommunen eller bygdefolket kan stogge planane dersom mottaket i Stryn er best økonomisk og kvalitetsmessig.

– Dette kan ikkje stoppast dersom anbodsrunden endar opp med at busetjing i Loen og Innvik kjem betre ut enn søknadene i Årdal og Voss, sa Sissel Medhammer i UDI under folkemøtet tysdag.

Føler seg sett på sidelinja

Kommunen fekk først høyre om planane i starten av april. Flo seier at dei kort tid før folkemøtet fekk høyre at oppstartstidspunktet kan bli 1. august.

– Dette er ein uhaldbar situasjon i forhold til tidsfristar. Vi føler oss heilt sett på sidelinja her.

– Kvifor er det så stor motstand mot å få eit asylmottak?

– Det har nok mest med prosessen å gjere. Det har gått veldig fort. Vi har også ein del utfordringar som må på plass, som helse, barnevern, barnehage, skule og vaksenopplæring, seier han til NRK.

– Dei gjer lite av seg

Flo meiner også at talet på asylsøkjarar i forhold til innbyggjartala i dei små bygdene. Bendix Jørgensen i Norsk Folkehjelp seier det ikkje er grunn til uro.

– Dette er heilt vanlege menneske som gjer lite av seg. Det er heller ikkje meir kriminalitet mellom asylsøkjarar enn hos andre, sa han under møtet.

Dersom anbodsrunden endar opp med desentralisert mottak i Stryn, vil dei første asylsøkjarane komme 1. august. Mottaket vil få 6,5 årsverk og kommunen vil få om lag 460 000 kroner i kompensasjon. Det blir også gitt ein sum for kvar plass og tilskot for kvart asylborn i barnehage.