Hopp til innhold

Meiner HIV-smitta kvinne må få bli

Stortingskandidat for SV, Vibeke Johnsen, går imot eiga regjering og meiner norske styresmakter må snu i vedtaket om å sende HIV-smitta Sinarinzi ut av landet.

HIV-smitta vert sendt tilbake til heimlandet der dei langt ifrå er sikra medisinar.

HIV-smitta vert kasta ut av landet

– Vi har eit handlingsrom i lovverket som heiter opphald på humanitært grunnlag, og dette er ein god grunn til å ta i bruk det handlingsrommet, seier Vibeke Johnsen som er Sogn og Fjordane SV sin førstekandidat til Stortinget.

Fryktar ho vil døy

Det finst ingen oversikt over kor mange HIV-smitta asylsøkjarar som blir sende ut av landet. Ei av dei er 39 år gamle Sinarinzi frå Burundi. Ho har vore asylsøkjar i fem år, men no har ho fått vedtak om utsending.

I Burundi er HIV og aids framleis tabu, og berre halvparten av dei smitta frå medisinsk hjelp. Sinarinzi fryktar ho vil døy om ho må tilbake.

– Dersom eg dreg tilbake til landet mitt vil eg døy. Helsesystemet er bra i Noreg, men det er ikkje det same i Burundi. Om du ikkje er frisk vil du døy, fortel ho.

– Det må vere restriktivt

Pål K. Lønseth

RESTRIKTIVT: Statssekretær Pål Lønseth seier det er heilt nødvendig med ein restriktiv asylpolitikk i Norge.

Foto: Erichsen, Jarl Fr. / SCANPIX

Statssekretær i Justisdepartementet, Pål Lønseth, sa til NRK.no i går at helsetilstand åleine ikkje er noko grunnlag for å gje asylsøkjarar opphald.

– Det må vere restriktivt, for Noreg har eit helsevesen som er betre enn i dei aller fleste andre land.

– Og skulle vi gi opphald grunna helse åleine og det ikkje er høg terskel på det, så ville vi få ei stor utfordring i Noreg.

Sjå video øvst i saka der Sinarinzi fortel at ho vil måtte skjule sjukdomen sin om ho blir send tilbake til heimlandet.

– Ikkje slik ein får bukt med HIV

Men Vibeke Johnsen meiner denne saka gir rom for å gje opphaldsløyve. Ho viser til handlingsrommet som opnar for å gje opphald på humanitært grunnlag.

– Dette er viktig for den kvinna det gjeld, som har ei vanskeleg historie. Men det er også viktig fordi ho, som ho seier, må gøyme at ho er sjuk. Det er ikkje slik ein får bukt med HIV og aidssjukdomen.

Vibeke Johnsen

OPPHALD: Vibeke Johnsen (SV) meiner styresmaktene må gi 39 år gamle Sinarinzi opphald på humanitært grunnlag.

Foto: Anna Gytri / NRK

– Det er jo tvert imot openheit som er viktig, seier ho og håpar styresmaktene snur i denne saka.

At det ikkje finst oversikt over kor mange asylsøkjarar med HIV-smitte som blir sende ut av landet, meiner Johnsen er for dårleg.

– God oversikt over omfanget av sjukdomar er viktig. Det er avgjerande for å ha gode strategiar både for å hindre smitte og medisinering. Dette gjeld ikkje berre i Norge, men også i andre land.

Håpar styresmaktene snur

Johnsen seier Sinarinzi vil kunne leve eit langt liv om ho får medisinar. Om ho derimot må tilbake til heimlandet blir det vanskeleg.

Sjølv fortel den 39 år gamle kvinna at ho truleg vil måtte halde det skjult. Det vil ikkje vere bra for verken ho, eller kampen mot den dødelege sjukdomen, meiner Johnsen.

– Det er det som er den store utfordringa her. At med å forteie og halde tilbake informasjon s vil folk bli sjuke og døy. Ved å leve i openheit kan folk leve eit langt og godt liv. Det er dit vi må, og difor håpar eg at vi kan få ei løysing i denne saka.

Vanskelege saker

Stortingsrepresentant for Arbeidarpartiet, Tor Bremer, meiner det er vanskeleg å kommentere enkeltsaker.

– Det er uhyre vanskeleg å gå konkret inn i ei enkeltsak som kanskje har vore handsama i månadsvis for å finne fram til det grunnlaget som er nødvendig for å fatte eit vedtak.

– Men når det er sagt så vil eg seie at noko av dei vanskelegaste typen saker vi er borti politisk, er saker som vedkjem asylpolitikken vår.

– Det dreier seg om enkeltskjebner, i ti tusenvis, som krev ulik tilnærming og ulik vurdering, seier Bremer.

– Vanskeleg å handtere for Norge

Tor Bremer

VANSKELEGE SAKER: Tor Bremer seier saker som går på asylpolitikk er blant dei vanskelegaste sakene han som politikar er borti.

Foto: Brit Jorunn Svanes / NRK

At kvinna har vore fem år i Norge meiner han ikkje gir grunnlag for opphald.

– Det som er situasjonen er at dei aller fleste blir verande etter at dei har fått endeleg svar. Det er ikkje eit argument i seg sjølv at om ein har vore ulovleg i landet, så skal ein få lov å bli. Det ville vore eit veldig urettferdig system.

– Det finst ikkje noko oversikt over kor mange som blir sende ut av landet med sjukdom, som til dømes HIV som i denne saka, er det godt nok?

– Nei, det kan du godt seie. Men vi kan heller ikkje ha eit system som seier at om du ikkje får medisinsk behandling i heimlandet ditt, så kan du kome til Norge. Det ville vore vanskeleg å handtere for Norge.

Enkeltsaker

Likevel er han klar på at det finst enkeltsaker der det er rom for å gje opphald på humanitært grunnlag.

– Prinsipielt er det slik Lønseth sa i går, at sjukdom i seg sjølv ikkje er grunnlag for opphald. Men så er det også slik at i enkelttilfelle kan det likevel gå av humanitære grunnar.

– Mykje kan tyde på at denne saka er i denne gruppa, at ein av humanitære grunnar bør får fullført medisinsk behandling i Norge. Men når den er over må ein returnere til heimlandet, seier Bremer.